Juliabuda Rorbuer







Sjøhus frå 1800-talet med sjel, sjøutsikt og kort veg til fjell, fjord og hav – perfekt for grupper og familiar som vil bu tett på naturen på Gurskøya.
Juliabuda er eit rustikt og autentisk sjøhus frå 1860-åra, vakkert plassert i havkanten i Haugsbygda på Gurskøya. Huset har ei levande historie som handelsstad og rorbu, og vert i dag brukt som overnattingsstad for grupper og familiar. Her bur du i eit restaurert sjøhus med skeive golv, salt i bjelkane og ei atmosfære som vitnar om livet langs kysten gjennom fleire generasjonar.
God plass og praktisk standardJuliabuda passar godt for både små og større grupper, med fleksibel inndeling og rom for både ro og felleskap. Sjøhuset består av to leiligheiter (totalt sengeplass til 14 personar ved samleleige), som kan leigast kvar for seg eller saman. I første etasje er det eit stort fellesareal med utsikt mot Stadt og øyane i vest – ideelt for langbord, måltid og sosiale samlingar. Vertskapet er ikkje alltid til stades, men legg godt til rette for gjestene.
Éi mindre leilegheit med 2 soverom og 5 sengeplassar
Éi større leilegheit med 3 soverom og 9 sengeplassar
Tilsaman 3 bad med dusj og toalett
God oppvarming og gratis parkering
Sluttvask inkludert i prisen
Sengetøy kan bestillast
Gratis bruk av robåt (på eige ansvar)
Felles kaianlegg for begge leiligheitene
Opplevingar ved fjord og fjellJuliabuda ligg idyllisk til med kaiplass og kveldssol – eit perfekt utgangspunkt for både rolege dagar og aktive utflukter. Her kan du nyte reker og krabbe på kaia, bruke den vesle robåten (på eige ansvar), eller sløye dagens fangst inne i sjøbua. På klare dagar kan du sjå heilt til Nordøyane, Stadt og Sunnmørsalpane frå dei mange fjelltoppane på øya.
Nærområdet byr på varierte turopplevingar – som til Runde og Runde fyr, fjellturar til Sandviktua og Veten, grottevandring i Dollsteinhola, barnevennlege aktivitetar på Hakkalegarden eller Eventyrstien ved Gursken kyrkje.
Sentralt på Søre SunnmøreFrå Juliabuda er det kort veg til fleire attraksjonar og tettstader. Fugleøya Runde, Ulsteinvik, Fosnavåg, Ørsta og Volda er alle innan rekkevidde med bil, og du når Ålesund med ferje eller hurtigbåt frå Hareid. Om du kjem via Kystriksvegen eller frå aust via Strynefjellsvegen, finn du lett vegen til Gurskøya – ei perle mellom fjord og hav, der historia møter havutsyn og kvardagsro.
- Høst
- Vår
- Sommer
- Gjesteparkering
- Familievennlig
- Gratis WiFi
Kilde: Ålesund & Sunnmøre
Juliabuda Rorbuer