Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Luster

Juving i Leirdøla

Bestill

Test deg sjølv med ei blaut, artig og rå oppleving! Naturlege vassklier, lett klatring og hopp i elva frå ulike høgder. Dette er naturen sitt eige badeland!

Bli med Fjord Active på juving i Leirdøla! Kjenn korleis adrenalinet boblar når du står på kanten. Du veit du kan hoppe og lande trygt I elva, men tør du? Ta med familie og venner på ei utfordring med leik og moro i elva. Med våtdrakt, hjelm og flytevest er du klar, og turen startar på ein kort sti gjennom skogen.

Bestill turen din her

Passe lang til at du blir god og varm, før du skal kaste deg ut i det friske fjellvatnet.

Turen er todelt.

Først opp juvet, med symjing over kulpar og lett klatring. Det er utfordrande, men ikkje vanskeleg, og guiden hjelper deg om nødvendig. Del to av turen går ut på å ta deg ned att juvet. Du blir utfordra med lange sklier, korte sklier, bratte sklier, ned fossar og stryk, og du får kjenna på adrenalinet i kroppen.

Fleire plassar får du prøva deg på å hoppa, frå ulike høgder, alt frå 1 meter, til 7-8 meter, og heile tida er du tett på fossar, klipper og rå natur, noko som gjer opplevinga ekstra spennande. NB! Du kan sjølv bestemme om du vil hoppe/skli, eller unngå dette! Her er det ingen tvang! Juving er ein aktivitet som passar både familiar, vennegjengar og par, og den kan tilpassast dei fleste nivå, så lenge du likar å vere i vatn.

Turen tek ca. 2 timar, og aldersgrensa er 10 år. Fjord Active stiller med våtdrakt, redningsvest og hjelm.
Du som gjest må ha med ull undertøy (anbefalt) eller badetøy til å ha under våtdrakta og eit par joggesko/våtsko, og gjerne ullsokkar, til å bruke I vatnet.

Kilde: Visit Sognefjord AS

0

Juving i Leirdøla

Bestill

Sider du nylig har besøkt