Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Tokke

Kafé Grimdalen

Enkel og hyggeleg kafé i kunstmuseet på Grimdalstunet i Skafså. Her kan du m.a. kjøpe kaffi, brus, is og vaflar.

Museumskafé der det er høve til å kjøpe kaffi, brus, is og vaflar, og nokre enkle lunsjrettar i sommarsesongen.

Her kan du til dømes få kjøpt rjomegraut, karbonadesmørbrød og toast.

Det er bord og benkar også utandørs. Kvifor ikkje slå deg ned med is og ein kaffikopp om veret tillet det?

Opningstider som for Grimdalstunet.

Last updated: 01/02/2024

Source: Vest Telemark

Kafé Grimdalen

Sider du nylig har besøkt