Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Morgedal

Kaféen på Norsk Skieventyr

  • Vårstaulvg 2, Kviteseid
  • +47 35069080
  •  /  km From You
Overview
Details

Kafé som er kjend for sin gode, heimelaga mat til hyggelege prisar.

Kaféen på Norsk Skieventyr tilbyr god mat til hyggjelege prisar. Me lagar all maten frå botnen på vårt eige kjøken, og brukar mest mogleg lokale råvarer. Hjå oss er kvalitet og god smak i høgsetet!

Me er viden kjende for dei heimelaga kjøtkakene og den omnsbakte fisken me serverer. Det same gjeld den gode, gamaldagse lapskausen vår. Og på sundagar er flesk og duppe vår hovudrett.

Ynskjer du berre noko lett i farten kan me freiste med nysteikte baguettar og salatar. Den gode angen av svele kjenner du med det same du kjem inn døra ...! Dessertane og kakene våre er òg heimelaga, saftige og gode. Vår spesialitet er konfektkake, gulrotkake, ostekake og suksessterte. Dei to sistnemnde er glutenfrie!

Me produserer maten på eige kjøken og brukar mest mogleg lokale råvarer.

Kafédrift i Morgedal har lang tradisjon

Morgedal Kro og Sondre Kro var kjende stoppestader for køyrande langs tidlegare E76, nå E134. Tradisjonen med eit hyggjeleg lokale, god service og heimelaga mat held fram i dagens kafétilbod i Morgedal.

Du kan velje mellom langbord eller mindre bord med plass til 5-6 personar. Me kan ta imot grupper inntil ca. 70 personar. I sommarsesongen har me uteservering. Nede mot vatnet har me benkar og bord, og der er du velkomen til å nyte medbrakt mat om du ynskjer det.

Treng du mat til selskap eller anna? Me leverer mat til små og store hendingar.

Ynskjer du å ha selskapet på Norsk Skieventyr har me mange spanande tilbod.

For å få vita meir om vår catering/selskaps meny, ta kontakt med matansvarleg Tone F. Gjerjordet,

tlf. 480 28 949

Norsk Skieventyr (Morgedal), tlf. 35 06 90 80, nse@vtm.no

Me har sjølvsagt gratis WIFI, og lokaliseringa midt mellom aust og vest like ved E-134 gjer oss til eit praktisk treffpunkt for forretningsfolk som treng ein stopp for å ete, arbeide litt og kanskje ta eit uformelt møte. Diesel og bensin får ein på same stopp, nemleg hjå naboen vår, Coop Morgedal.

Gode turmogelegheiter

Med utgangspunkt frå Norsk Skieventyr kan du gå ein flott tur til Øverbø, staden der far til den moderne skisporten vaks opp. Sondre Norheim vart fødd der i 1825, og eit besøk til Øverbø tek deg tilbake til den tida. 

Les alt om turen her.

Ynskjer du å gå andre turar? Spør dei som jobbar i butikken om fleire tips!

 


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark

Overnatting

Skidestinasjoner
  • Langrenn
  • Skiskole

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Langrenn
  • Kultursti
  • Guidede turer
Langrenn
  • Lysløype
Vinteraktiviteter
  • telemarkski

Plenlegg reisen

Tjenester
  • WiFi

Taste Norway

Lokalmat
  • Tradisjonell mat
Restauranter og kafeer
  • Middag
  • Lunsj
  • Tradisjonell mat

Aktiviteter

Shopping
  • Souvenirbutikker
Click to activate
Kviteseid, Norway
The latitude and longitude
59° 28' 39" N / 8° 25' 8" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad