Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Voss

Kajakk-kurs for nybyrjarar

  • Evangervegen 16, Voss
  • +47 97087318
  •  /  km From You
Overview

Lær deg å padla elvekajakk på eiga hand!

Dette kurset er for deg som vil læra grunnleggjande elvekajakk, og me padlar i enklare stryk. For å få mest ut av kurset må du kunne symja, men du treng ikkje å ha prøvd elvekajakk før.

MÅL FOR KURSET 

Målet vårt er å gje deg nok kunnskap til at du kan padla Grad 1 og Grad 2-elvar. Du vil også læra om sikkerheit og redning. 

HER FINN DU OSS

Du finn oss ved Vangsvatnet attmed kulturhuset, berre 50 meter framføre Fleicher's Hotel og 100 meter unna togstasjonen.

VARIGHEIT

2 dagar - 16 timar totalt som inkluderer: teoretisk gjennomgang, prøva utstyr, skiftetid, transport, padling og lunsjpauser.

SESONG

Annakvar helg frå juni til oktober (minst tre personar må delta)
* Send oss ein e-post for ynskje om spesielle datoar!

PRIS

Vaksen: 3200 kroner
Born: 2880 kroner (fødd etter 1999)

KRAV TIL DELTAKARAR

Må vera minst ni år
Må vera i normal fysisk form
Må kunna symja
Må vega under 140 kilo (kontakt oss på førehand om du veg meir)
Ver venleg å informera oss om tilstandar som astma, epilepsi, etc.

DETTE ER INKLUDERT

– Utstyr av topp kvalitet
– Profesjonell kajakk-instruktør
– Kajakk
– Padleåre
– Livvest
– Hjelm
– Vasstett kajakk-jakke
– Våtdrakt
– Sko
– Transport til og frå elva
– To varme måltid
– Ei oppleving i elva som du seint vil gløyme!

DETTE MÅ DU HA MED DEG

– Badetøy
– Ullundertøy om det er kaldt
– Ullsokkar
– Kleskift
– Lunsj for to dagar
– Snacks, til dømes frukt, nøtter, bær eller sjokolade
– Solkrem
– Eventyrlyst

COURSE CONTENT

Kurset byrjar med å dela erfaringar og forventningar, og planleggja dei neste dagane ut frå dette og vêrmeldinga.

Den fyrste dagen startar me på flatt vatn, før me beveger oss over i Grad 1 i elva. Her byrjar me med grunnleggjande kunnskaper, i tillegg til å gjera deg trygg i vatnet. Neste dag kan me bevega oss over til Grad 2 om kunnskapene til grunna tillet det.

I løpet av dei to dagane padlar me anten i Vosso, Raunalselva eller Standaelva. 

DETTE LÆRER DU

Grunnleggjande padletak
Enkel redning av deg sjølv og andre
Korleis ein oppfører seg i elva
Å padla Grad 1 og 2
Sjå etter farer i elva
"Lesa" vatnet
Å koma seg inn og ut av straumane
Å kryssa elva sidelengs

 

 


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Opening hours

1. juni 2019 – 31. okt. 2019
Daily
See All

Price

Description Price*
Voksen Vaksen 3200,00 1 dag
* Price from
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages