Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Hardbakke

Kajakk kurs - Sognefjord Active

Book

Med tusenvis av øyar, holmar og skjer i vakker urørt natur gir Solund deg nokon av dei beste padleopplevingane Norge har å by på.

Solund er eit eldorado for padling. Med tusenvis av øyar, holmar og skjer i vakker urørt natur gir Solund deg nokon av dei beste padleopplevingane Norge har å by på. Opplev sjarmerande fiskevær og ein unik geologi frå din kajakk. Kanskje du vil møte på havørna når du er ute og padla?

Sognefjord Active tilbyr utleige av kajakkar i Solund. For å leige einmannskajakk treng du Våttkort. Sognefjord Active held 3-4-timars kurs som gjev våttkort på forespørsel. Eit introkurs er ein god investering som gir deg tilgong til å leige kajakk ein rekke andre stader. Det er ikkje krav om våttkort eller erfaring for å padle tomannskajakk.

KURS: Introkurset gir deg ein grunnleggande innføring i havpadleteknikk og kunnskap om kajakk og utstyr. Etter endt kurs får du "våttkort introkurs hav" utgitt av Norsk Padleforbund, eit sertifikat som visar at du kan handtere ein havkajakk. 

KURS INNHALD: Deltakaren introduserast til kajakk og utstyr. Etter endt kurs har deltakaren gjennom enkel praktisk øvelse lært å bruke kajakk, åre, trekk og vest. Her vil ein lære å løfte, bære og sjøsette kajakk, padle forover med rett kurs, stoppe, svinge kajakken begge vegar, bakoverpadling, gå rundt og komme seg tilfredsstillande ut av kajakken i vatnet, ilandsstigning. Ein lærar om riktig sittestilling og kva som er god padleteknikk. Du vil få ei innføring til korleis ein kan auke sikkerheita ved padling og kjennskap til lokale padleforhald. 

Kajakk og alt nødvendig utstyr er inkludert i kusert. 

 

Last updated: 01/29/2024

Source: Visit FjordKysten

Kajakk kurs - Sognefjord Active

Book

Sider du nylig har besøkt