Kajakk Nigardsbrevatnet og bretur på Nigardsbreen
IceTroll startar sesongen på Nigardsbrevatnet i mai månad. Bli med på guida tur og gli stille gjennom isflaka i ein kajakk.
Kajakk på Nigardsbrevatnet og guida bretur på Nigardsbreen med IceTroll
Turen starter med ein kort kajakktur på 30 minutter over Nigardsbrevatnet - perfekt insta moments i det vakre brelandskapet.
Over på den andre sida venter ein 30 minutters lang spasertur opp til breen der guiden fortel historiar om breen og landskapet. Når du kjem fram til breen så får du utlevert sikkerheitsutstyr og du får vere med på ein 2 timars guida tur på breen.
Oppmøte: Breheimsenteret Jostedal
Ta med: Varm lue og hansker, varme klær som ull, regnjakke, kamera, noko å drikke og ete. Ta med solbriller.
Tid: 5 timar
Alder: Frå 8 år
Sesong: Mai - Juni og Oktober
Kilde: Visit Sognefjord AS
Kajakk Nigardsbrevatnet og bretur på Nigardsbreen