Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Loen

Kajakk på Nordfjorden med Loen Active

Bestill

Opplev Loen frå kajakk på Nordfjorden. Loen Active tilbyr guida turar i doble kajakkar nesten heile året.

Opplev vakre Loen medan du padlar lydlaust på Nordfjorden. Trygge og erfarne guidar er med heile vegen, og vi padlar i stabile doble kajakkar.
Turen startar på marinaen i Loen. Her møtast vi og blir kjende med utstyret, og får kort innføring i padleteknikk. Du kan velge mellom to ulike turalternativ - ein kort tur, og ein medium tur. Og har du våttkort kan du leige kajakk og reise ut på eiga hand.

Etter å ha fått på utstyret, og kort instruksjon padlar vi ut på fjorden og får sjå Loen og dei mektige fjella frå eit nytt perspektiv.

Alternativ 1: OPPLEV PADLING
Ein kort tur på fjorden, perfekt for nybyrjarar.
Tid: 2 timar
Nivå: Enkel
Minimum alder: 8 år

Alternativ 2: FJORDTUR
Opplev Loen og indre Nordfjord frå fjorden. Vi stoppar undervegs og fortel om historia og naturen i dette området under Jostedalsbreen.

Om du vel dette alternativet bør du ha padla litt før. Tid: 3 timar (kl 13-16). Nivå: Middels. Minimum alder: 10 år.
Tid: 3 timar.
Nivå: Medium.
Minimum alder: 10 år.

Praktisk informasjon:
- Alle turane inkluderer guide, kajakk, åre, padlejakke, vest, hanskar og padlesko.
- Frammøte ved Loen Active butikken.
- Minimum antal deltakarar: 2 personar.
- Maks antal deltakarar per tur: 24 personar.
- Det er følgebåt med ved behov, etter storleik på gruppa.

Kilde: Nordfjord

0

Kajakk på Nordfjorden med Loen Active

Bestill

Sider du nylig har besøkt