Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Luster

Kajakk Solvorn

Villa Solvorn i fjordbygda Solvorn leiger ut både single og doble kajakkar der du kan utforske Lustrafjorden på eiga hand.

I sentrum av Solvorn ligg Villa Solvorn som er eit familiedrevet gjestehus med enkle rom, dobbeltrom, felles stue og hage med sitteplasser. 

Villa Solvorn har kort avstand til den grøne Lustrafjorden som er ein fjordarm av Sognefjorden. Du kan leige single eller doble kajakkar med årer og redningsvestar. Sikkerheitsinformasjon får du hjå Villa Solvorn. 

Sjå omgivelsane som glir forbi i sakte film, høyr vatnet som sildrar, og kjenn på følelsen av å vera i eitt med naturen. Dette må du forevige; Ta med kamera! 

Pris: 400 kroner per person for kajakk i 4 timer.

Villa Solvorn har 1 dobbel og 4 single kajakker til utleige. 

Ta med:

Kamera, mobil, solbriller, mat og drikke. Ta og med ekstra kle. Hugs å legg dette i poser då det kan bli vått. 

Tenk sikkerheit når du er på sjøen. Ha respekt for været og bruk redningsvest eller flytevest. Vær utkvilt, nykter og hensynsfull - og hugs at sikkerheit, miljø og trivsel for alle er eit felles ansvar. 

Kilde: Visit Sognefjord AS

0

Kajakk Solvorn

Sider du nylig har besøkt