Hopp til hovedinnhold
Hardbakke

Kajakk til leie i Solund

  • Kajakk i Solund

Leig ein kajakk hos Sognefjord Active i Solund, og padle mellom dei 1700 øyer, holmer og skjer lengst vest i landet.

Sognefjord Active tilbyr utleige av kajakk og padleutstyr i Solund. Med eit stort øyrike med øyar, holmar og skjer er det mange moglegheiter for padleturar i området.

Leige av kajakk

Ved leige av kajakk er følgjande utstyr inkludert:

Åre

Redningsvest

Spruttrekk

Våtdrakt

Padlesko

Padlejakke

Tørrsekk

Kart

Pumpe

Årepose

For å leige einmannskajakk må du ha Våttkort. Det er ikkje krav om Våttkort eller tidlegare padleerfaring for å leige tomannskajakk.

Introkurs og Våttkort

Dersom du ikkje har Våttkort, tilbyr Sognefjord Active eit fire timar langt introkurs på førespurnad.

Kurset gir ei grunnleggande innføring i bruk av havkajakk og padleutstyr. Gjennom praktiske øvingar lærer du mellom anna:

bruk av kajakk, åre, spruttrekk og vest

løfting, bering og sjøsetting av kajakk

framover- og bakoverpadling

å stoppe og svinge kajakken

riktig sittestilling og grunnleggande padleteknikk

å komme seg trygt ut av kajakken dersom du går rundt

ilandstiging

grunnleggande sikkerheit ved padling

lokale padleforhold

Etter fullført kurs får du Våttkort Introkurs Hav, utgitt av Norges Padleforbund. Våttkortet dokumenterer at du har gjennomført grunnleggande opplæring i havkajakk.

Kajakk og nødvendig padleutstyr er inkludert i kurset.

Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord