Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Glesvær

Kajakk turer fra Glesvær

  • Handelstaden Glesvær, Sund
  • +47 56339080
  •  /  km From You
Overview
Details
Meeting Facilities

Første gong vi høyrer om Glesvær er i 1664. Då fekk bergenskjøpmannen Henrich Wessel handelsprivilegium her. Som væreigar var han småkonge på staden. I fleire hundre år var Glesvær det største fiskeværet på Sotra.
Glesvær er eit eldorado for kystkultur. Her er det lokalisert sjøsportsenter med mange aktivitetar, kafé, rorbuer og mange kulturminne i nærleiken. Eit stort øyrike rundt Glesvær med mange idylliske viker og mykje fugleliv. Med alle øyene er det fleire fine teltplassar i området.

Ta kontakt med Glesvær kafe for priser og leie av kajakk. Det kreves våtkort for utleie.

Tur I: Goltasundet - middels

Glesvær – Goltasundet – Glesvær (sjå kart)


Turen er eksponert i Svegjasundet. Området byr på flott og dramatisk natur langs klippelandet. Turen startar frå Glesvær, rundt moloen og går vestover og inn Englebogen. Hald fram ut Svegja-sundet og mot moloen på Golta og snu nordover mot Goltasundet. Dette området er særs utsett for både vind og store bølgjer. Her rår ver og sjø. Turen held fram  inn Goltasundet,- ein av dei lengste kanalane her vest og ein snarveg mot Telavåg. Kanalen er ikkje mange meter brei og gir flotte opplevingar sjølv på skikkelege uversdager. Eit stopp ved kulturminnet Heimanpådalsbua er fint å få med seg før ein padlar tilbake. På rolege dagar er det ein flott tur. Avslutt  gjerne turen med ein betre lunsj eller middag på Glesvær kafe. Nøkkel til Heimanpådalsbua får du låna på kafeen. Det er også mogleg å overnatta i bua.

Tur II: Viksøy - middels
Glesvær – Viksøy – Glesvær


Dette er ei noko skjerma rute og flott i roleg ver. Turen startar ved sjøsportsenteret og held fram rett sør mot Litla Risøyna via Måsholmen. Fine viker og grunner på Risøyna i den sørlege delen. Turen går vidare gjennom øyene sørover mot Store Vardøy, der du vender nasen nordover langs austre sida av Toftosen. Hummelsundet er eit spektakulært og smalt sund. Du passerer også Trellevik kystkultursenter. Mot slutten krysser du tilbake til Glesvær. Ruta ligg langs land for å unngå padling midtfjords. Det er mye båttrafikk i området. Det er verutsatt i Risøysundet, særskild frå vest. Toftosen er utsett både frå nordleg og sørleg vind. Dei mange vågane gir ly for korte stopp eller rastepausar.

Tur III: Ramsholmen - lett

Glesvær - Ramsholmen – Glesvær
Turen startar frå Glesvær og går mot nordaust.
Følg land nordover gjennom sundet, men hald avstand til oppdrettsanlegget ved
Porsvika. Fortsett nordover forbi Kvednavika, kryss på  det kortaste over mot Store Ramsholmen. Pass
på å utforska dei flotte vikene og øya. Følg så holmane mot sør via Huldholmen,
Bergsholmen og Dotholmen. I området rundt Kyrkjesundet er det fleire flotte
viker å stoppa for ein rast. Turen går vidare mot nordvest langs Toftatangen,
før du følgjer i ditt eige spor sør og tilbake til Glesvær. På denne turen ser
du sikkert havørn. Turen har få utsette punkt, men det er trongt og nokre
plassar kan det difor vera lurt å sjå seg godt for. Det er ein del båttrafikk i
sunda


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag

Generelt

Landskap
  • Kystområde

Taste Norway

Restauranter og kafeer
  • Skjenkebevilgning
Facility Info
  • Banquet Capacity 65
Click to activate
Sund, Norway
The latitude and longitude
60° 12' 15" N / 5° 2' 25" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad