Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Årbakka

Kajakkutleige ved Årbakka Handelsstad

Kajakkutleige ved Årbakka Handelsstad

Ynskjer du å padle i flotte Onarheimsfjorden? Då kan du leige kajakk på Årbakka Handelsstad. Det er også mogleg å leige kajakkane på overnattingsturar.

Er du her utanom opningstidene ta kontakt på telefon.

Du kan anten leige kajakk for 3 timar eller du kan leige kajakkane på overnattingsturer.

Betaling skjer ved utlevering, med kort eller Vipps.
Moglegheit for klippekort, då er kvar 6. tur gratis!

Utleigevilkår:

Du har våtkort eller tilsvarende ferdighet
Barn må ha følge av vaksen
Leigetakar må vere over 16 år
Du må kunne symje.
Du brukar flytevest heile tida
All padling skjer på eige ansvar og risiko
Ved skader eller tjuveri av utstyret er du erstatningsansvarlig.
Spyl av utstyret med ferskvatn etter turen og heng det opp igjen slik du fant det.
Med kvar kajakk følgjer det flytevest, åre og spruttrekk.

Last updated: 01/20/2023

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Kajakkutleige ved Årbakka Handelsstad

Sider du nylig har besøkt