Husnes
Kaldestadåsen frå Husnes
Autumn
Easy
Forest area
Medium
Glacier hiking
Marked trails
Short hikes (1-4 hours)
Fakta
Vanskelighetsgrad: Middels
Varighet: 2 timer
Terreng: Skogsområde
Denne turen går på sti gjennom flott, gamal fureskog. Her er det eit rikt og variert fugleliv. Mot toppen får du utsikt i alle retningar, og heilt til opps ligg det ei kvilebu.
Stad
Husnes.
Turkart
Folgefonna nasjonalpark.
Start- og sluttpunkt
P-plassen ved Kvinnherad Vidaregåande skule.
Parkering
P-plassen ved Kvinnherad Vidaregånde skule.
Merking
Informasjonstavle ved start.
T-merka og skilta.
Gradering
Blå. Lett, ein støvel etter DNT-systemet.
Høgdeskilnad
15 - 271 moh.
Tidsbruk
1,5 time t/r.
Gode råd
Sleipt og vått enkelte små parti, bruk gode sko.
Sjå også fleire rutealternativ til Kaldestadåsen under ruteorientering for Sunde.
Turomtale
Frå P-plassen opp til høgre forbi Kvinnherad vidaregåande skule. Følg sti i skogen og traktorveg litt til venstre like ovanfor KVV. Deretter på sti til høgre opp lia til møte med sti frå Kaldestad. Hald til venstre og følg stien til toppen.
Stien går gjennom fin, gammal fureskog. Variert og rikt fugleliv. Fine utsiktspunkt i alle retningar etter kvart som stien rundar rundt åsen. Kvilebu på toppen.
For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no
Last updated: 09/11/2023
Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Kaldestadåsen frå Husnes