Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Kalgraff ferie og fritid

Kalgraff ferie og fritid

Kalgraff ferie og fritid ligg flott plassert på Kolgrov i Ytre Sula i Solund. Her kan du nyte varme sommardagar i det idylliske grendesamfunnet, eller oppleve det røffe kystklimaet på dei mest stormfulle dagane.

Omgitt av ope hav og fjordar er forhold perfekt for dagsutflukter. Enten om du ønskjer å fiske, utforske øysamfunna vest i havet, eller å finne deg eit svaberg der du kan nyte stillheita. Kalgraff ferie og fritid tilbyr utleige av båt, kajakk og syklar.

Konglomerat

I Ytre Sula er det lite trafikkerte vegar som innbyr til fine natur- og sykkelopplevingar. Sykle mellom den sjeldne bergarten konglomerat som pregar landskapet, og nyt ein god lunsj på Havkroa i Hjønnevåg.

Ytre Sula byr på flotte fot- og fjellturar, og i heile kommunen finn du godt merka turløyper i variert terreng. Frå toppane får du storslått utsikt over øyriket.

Kalgraff ferie og fritid

Kalgraff ferie og fritid har 3 einingar til utlån med sengeplass til 4-6 personar i kvar eining.


Kilde: Visit FjordKysten

Kalgraff ferie og fritid

Sider du nylig har besøkt