Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Tokke

Kano - og kajakkutleige på Dalen

Du kan leige kano og kajakk hjå Telemark Adventure på Dalen Bed & Breakfast. Dalen er eit mykje bruka utgangspunkt for padling på Telemarkskanalen.

Telemark Adventure på Dalen Bed and Breakfast har kano og kajakk til utleige. Med Dalen som naturleg utgangspunkt kan du padle nedover Telemarkskanalen. Du startar i vakkert naturlandskap og padlar så vidare over i kulturlandskap med sluser. Du kan også sjølvsagt padle kortare turar på Bandak, for eksempel til vakre Lårdal eller til idylliske Lindeviki.

Før du startar på turen nedover kanalen får du informasjon og tips av oss,samt kart over Telemarkskanalen.

Du kan padle så langt du vil. Å padle frå Dalen til Skien tek ca. 4 dagar. Vi hentar etter avtale, men det er også mogleg å ta ein av kanalbåtane tilbake. Då kan du nyte dagen om bord i MS Victoria eller MS Henrik Ibsen. Padleturen på Telemarkskanalen bør du ha padla minst ein gong i livet!

Last updated: 03/06/2023

Source: Vest Telemark

Kano - og kajakkutleige på Dalen

Sider du nylig har besøkt