Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Ålesund

Kari Bremnes - Duo-konsert // Parken kulturhus i Ålesund

Book

Kari Bremnes er endeleg tilbake i Parken kulturhus.

Kari har dei siste åra stort sett gjort konsertar med heile bandet sitt. Men innimellom gjer ho nokre få, eksklusive konsertar i duoformat med Bengt Hanssen på tangentar. Han er også produsent for Karis utgivingar.

– I duoen ønskjer me å vareta mykje av det dynamiske spennet i musikken, sjølv om me berre er to på scena. Ved hjelp av eit ganske omfattande keyboardoppsett gir me publikum ei større lydverd enn i eit klassisk duoformat. Det trur me både songane og konsertane har godt av, seier Bremnes sjølv.

I tillegg til Bremnes og Hanssen er lydmann Geir Østensjø ein sentral medmusikant i besetninga.

På desse konsertane vil publikum få høyre eit breitt utval av songar frå heile katalogen hennar.

Last updated: 09/07/2023

Source: Ålesund & Sunnmøre

Kari Bremnes - Duo-konsert // Parken kulturhus i Ålesund

Book

Sider du nylig har besøkt