Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
  • Overnatting

    Scandic Hotels - i alle landets store byer

    Nordic Choice Hotels - en annerledes hotellkjede

    Thon Hotels - fantastisk frokost

    Radisson Blu Hotels - finn dine favorittreisemål

    Citybox - moderne lavprishotell med sentral beliggenhet

    DanCenter - din feriehusekspert i Norge

    Norgesbooking - finn en koselig hytte til norgesferien

    Campcation –  Bestill camping over hele Norge med Campcation

  • Transport

    Vy - det har aldri vært enklere å reise med tog

    SJ NORD - opplevelsen starter på toget

    Vy express - reis med buss over hele Norge

    NOR-WAY Bussekspress - bussreiser i hele Sør-Norge

    DFDS - ta den behagelige sjøveien fra København til Oslo

    AutoEurope - stort utvalg og uslåelige priser

    Rent-A-Wreck - det smarte leiebilvalget

    Arctic Campers - lei din bobil eller camper

    Nordic Campers - den beste måten å se Norge på!

    Cabin Campers - nasjonalromantisk opplevelse på fire hjul

  • Reiser og rundturer

    Hurtigruten - "Verdens vakreste sjøreise"

    Authentic Scandinavia - spennende norgesreiser

    Up Norway - skreddersydde reiser

    Norrøna Hvitserk - ekspedisjoner og eventyrreiser

    Brim Explorer – Stille fjordturer med elektrisk katamaran

    Fjord Tours - opplev Norge i et nøtteskall® med kun én billett

    Fjord Travel – Bærekraftige flerdagsturer

    Go Fjords - Turer og aktiviteter over hele Norge

    Discover Norway - opplevelser i Norge. Ferdigpakka ski-, sykkel- og fotturer

    Norwegian Holidays - pakkereiser til lave Norwegian-priser. Fly, hotell og leiebil

    Expa Travel - Ekte opplevelser

    Booknordics.com - aktiviteter, safarier, turer, hytter og opplevelseshotell

    Stromma - sightseeingturer og opplevelser med buss, båt og tog.

  • Offers

Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland STORD

Kattnakken, Stord

  • +47 53496600
  •  /  km From You
Overview
Details

Ein spenstig toppur til fjelltoppen Kattnakken 724 m.o.h. der det er flott utsikt frå toppen i godt ver.

Stad
Stordafjellet, Lundsseter

Turkart
Stord – Fitjar  (1 : 50.000)

Start og sluttpunkt
Parkeringsplass på Heio


Parkering
Ta av frå E39, anten i Førlandskrysset nord for Rommetveit eller i Ådlandskrysset nord for Leirvik, vegen er båe stadar merka «Fjellgardane». Frå Presthaugkrysset følgjer ein vegen til Lundseter fjellstove og vidare ca. 3 km til parkeringsplass på Heio. Vegen opp til Heio kan vera stengt med bom ved Lundarstøl om vinteren.

Merking

Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka med T.

Gradering
Blå - Lett fottur

Høgdeskilnad

724 moh.


Tidsbruk
1-2 t

Turskildring

Ein spenstig toppur til fjelltoppen Kattnakken 724 m.o.h. Høgdeforskjell frå parkeringsplass til toppen - 300 m. Flott utsikt frå toppen i godt ver. Turen tek omlag 1-2 timar, på grusa anleggsveg, alternativt sti. Delvis bratte parti. Turkart kan kjøpast hjå bokhandlarane og i Kundetorget. Om ein ynskjer ein lengre tur, kan ein ta turen over til Stovegolvet. Følg merking til du kjem til skilt som viser vegen til Stovegolvet.   Heio er ei ca. 400 daa stor gras- og myrslette (morene) som frå gamalt har vore viktig sauebeite for bøndene på Stord. Vegetasjonen er dominert av kysttypiske artar, myr- og lyngsamfunn med noko blåbærlyng og graseng innimellom. Om vinteren er Heio mykje brukt som skiområde. «Steinen» som ligg heilt nord på Heio er eit mykje brukt turmål om vinteren.

Vegen opp til Kattnakken fjernsynsmast vart bygd i 1968. Masta (Stord Kringkastar) kom i drift året etter. Vegen er sprengt inn i fjellsida og har jamn stigning mot toppen.

Stordøyo er eit geologisk interessant område, mest som eit høgfjell ut mot havet. Det meste er gabbro og gang- og dagbergartar av gabbro. Fjellformasjonane i dette området har mange geologiske godbitar å by på. Kattnakken er namnet på den nordaustre delen av det flate fjellpartiet som strekkjer seg frå Stovegolvet i sør via Skorafjellet til Midtfjellet i nord. Høgaste punktet på Kattnakken er 724 m.o.h. og dette er nest høgste punktet på heile Stordøyo. Berre Mehamarsåta mot nord er høgre (749 m.o.h.).

Utsikten frå Kattnakken er storslått: - mot nord ser ein Fitjarfjellet, Reksteren og Tysnes - mot aust ser ein rett ned i Langenuen, skipsleia mellom Stord og Tysnes. Bakom ligg Huglo, før Hardangerfjorden skiljer mot dei store fjellmassiva i Kvinnherad. Folgefonna er ekstra vakker i solskinnet. Legg merke til den nakne Nordhuglo og Tysnesskorpo. Bergarten er hard og sur med liten eller ingen vokster. - mot sør får ein først eit flott inntrykk av det furukledde låglandet sør på Stordøyo, med Ådlandsvatnet og dei grunne vikane langs Hystadlandet mot Rommetveit. Berggrunnen i låglandet på Stord og Tysnes er kalkhaldig med frodig skog. På sørenden av øya ser ein Aker Stord og deretter Klosterfjorden og Bømlafjorden, Føyno og Sveiolandet lengst borte. Det store samferdselprosjektet «Trekantsambandet» går i dette området. - mot vest er det utsyn til Bømlo og Fitjarøyane, med Selbjørnfjorden og Austevoll i nordvest. Stovegolvsfjellet stengjer noko av utsynet mot sørvest.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Årstid
  • Høst
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages