Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Kaupanger

Kaupanger Stavkyrkje, Sogndal

  • +47 57678840
  •  /  km From You
Overview

Det som skil Kaupanger stavkyrkje frå andre stavkyrkjer er storleiken og talet stavar. Det er også den lengste stavkyrkja i Noreg. Kyrkja er også særprega av den reine stilen. Stavane har korkje kapitel eller utskjeringar, noko som gir kyrkja ei forsterka vertikal kjensle. Det er denne grunnen til at ho vert kalla "katedralen blant stavkyrkjer".


At kyrkja har vore i kontinuerleg bruk og framleis er soknekyrkje, er også med på å gje kyrkja sitt særpreg.

Kyrkja vart truleg reist på fyrste del av 1000-talet, men vart fort erstatta av ei kyrkje i dobbel storleik, på ca 43 m². Denne brann ned, og ein gong omkring 1140 og 1150 vart den noverande kyrkja reist. Den er 102 m² stor og har 22 stavar. Ingen andre kyrkjer kan måle seg med dette talet av stavar. Kyrkja har i dag 165 sitjeplassar.

Kaupanger stavkyrkje er den største i Sogn, og speglar med det, den sentrale plassen kaupangen hadde i høgmellomalderen.


Stavkyrkja er direkte knytt til storgarden Kaupanger Hovedgård. Arkeologiske registreringar syner at garden kan sporast attende til byrjinga av bronsealderen, 1800 f. Kr. Korleis gardsbusetjinga var den første tida veit vi lite om, men frå jernalderen tyder spora på at garden har vore blant dei større i området.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Click to activate
Sogndal, Norway
The latitude and longitude
61° 11' 5" N / 7° 13' 56" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad