Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Voss

Kayak Voss - tandem kajakk

  • Bømoen, Voss
  • +47 90150859
  •  /  km From You
Overview
Details

Kayak Voss er Noregs einaste tilbydar av tandempadling i elv. Voss er verdskjend for elvene sine, med det krystalklare vatnet som formar fantastiske stryk mellom dei snøkledde toppane, og har alltid trukke til seg padlarar frå alle krokar av kloden.

Kayak Voss er Noregs einaste tilbydar av tandempadling i elv. Voss er verdskjend for elvene sine, med det krystalklare vatnet som formar fantastiske stryk mellom dei snøkledde toppane, og har alltid trukke til seg padlarar frå alle krokar av kloden.

Sjølv om du er heilt utan erfaring med kajakk kan du bli med å padle dei storslåtte stryka i Strandaelva og Raundalselva, og få ei kjensle av å vere ein kajakkeventyrar.

GJENNOMFØRING:
Når du har bestemd deg for å kjøpe ein tandemtur, møter du på basen til Kayak Voss; Kajakkbua. Kajakkbua er både Kayak Voss sitt kontor og Voss sin kajakkbutikk, og ligg midt i sentrum, rett ved bookingkontoret til Visit Voss og ein svakt steinkast frå jernbanestasjonen. På Kajakkbua får du alt utstyr du treng til ein varm og trygg tur ned elva og du får dine første grunnleggande instruksar. Her planlegges og dagen ved å tilpasse ditt ynskje om spenning til vassføringa i elvene.

Når ein har komme seg i elva, vil ein nytte seg av eit rolig strekk eller ein kulp for å bli kjend med båten og kvarandre. Her får du dine første møte med det friske elvevatnet. Etter ei rolig oppvarming starter eventyret ned elva. Ein profesjonell guide og ein ekstra padlar med ansvar for tryggleiken tar deg ned elva til ei oppleving du seint vil gløyme.

Du kan velge mellom to tilbod:
* Grad III. Ein kortare og rolegare tur som vil vere ein blanding mellom stryk og rolig padling i vakker natur. Tid: 2 - 3 timer.
* Grad IV. Ein heftig tur med store stryk og små dropp. Denne turen er lengre enn grad III og tek deg ned i eit storslått elvejuv. Tid: 3-4 timer.

KRAV:
* 18 år eller godkjennelse fra foreldre
* Grad III: Maks 130 kg
* Grad IV: Maks 90 kg
* Normalt god helse, oppgje eventuelle sjukdomar eller skader
* Må kunne symje.
* Ikkje påvirka av rusmidler


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Guiding
  • Kajakkpadling
Kano og kajakk
  • Kajakkpadling
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 38' 7" N / 6° 30' 33" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad