Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Seljord

Kikkeskåp, Kivlemøyane

Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til utvalde soger om lokale kvinneskikkelsar. Felles for dei alle er at feleslåttar er knytt til sogene. Åtte kunstnarar har gjeve sine tolkingar av desse sogene: Gonil Dale, Guro Lomodden, Kivlemøyane, Gurp Heddeli, Tårån i troppin, Glima i Rupedalar, Ljose-Signe i Bindingsnuten og Skuldalsbruri.

Du finn 1 kikkeskåp i Åmotsdal, 3 i Flatdal og 4 i Seljord. På alle stadene er det også montert ein benk, der folk kan sitje ned for å nyte ei annleis kunstoppleving i sogelandskapet.
Tanken er å gje ei vakker kunstoppleving, samtidig som dei usynlege laga i landskapet blir formidla gjennom kunstverket, landskapsopplevinga og sogemobilen

For å høyre ein stutt versjon av soga om Kivlemøyane kan du ringe sogemobilen på : 35197623. tast 34 for å høyre Jon Svartdal fortelje.

Last updated: 08/03/2023

Source: Vest Telemark

Kikkeskåp, Kivlemøyane

Sider du nylig har besøkt