Seljord
Kikkeskåp, Skuldalsbruri
Mountain area
Fakta
Terreng: Fjellområde
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til utvalde soger om lokale kvinneskikkelsar. Felles for dei alle er at feleslåttar er knytt til sogene. Åtte kunstnarar har gjeve sine tolkingar av desse sogene: Gonil Dale, Guro Lomodden, Kivlemøyane, Gurp Heddeli, Tårån i troppin, Glima i Rupedalar, Ljose-Signe i Bindingsnuten og Skuldalsbruri.

Du finn 1 kikkeskåp i Åmotsdal, 3 i Flatdal og 4 i Seljord. På alle stadene er det også montert ein benk, der folk kan sitje ned for å nyte ei annleis kunstoppleving i sogelandskapet.
Tanken er å gje ei vakker kunstoppleving, samtidig som dei usynlege laga i landskapet blir formidla gjennom kunstverket, landskapsopplevinga og sogemobilen.
Kunstnar: Torhild Grøstad
For å høyre soga og slåtten til Skuldalsbruri, ring sogemobilen på 35 19 76 23, tast 42

Last updated: 08/03/2023
Source: Vest Telemark
Kikkeskåp, Skuldalsbruri