Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Seljord

Kikkeskåp, Guro Lomodden

  • Seljord kommune, Seljord
  • +47 35050400
  •  /  km From You
Overview
Details

Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til utvalde soger om lokale kvinneskikkelsar. Felles for dei alle er at feleslåttar er knytt til sogene. Åtte kunstnarar har gjeve sine tolkingar av desse sogene: Gonil Dale, Guro Lomodden, Kivlemøyane, Gurp Heddeli, Tårån i troppin, Glima i Rupedalar, Ljose-Signe i Bindingsnuten og Skuldalsbruri.

Du finn 1 kikkeskåp i Åmotsdal, 3 i Flatdal og 4 i Seljord. På alle stadene er det også montert ein benk, der folk kan sitje ned for å nyte ei annleis kunstoppleving i sogelandskapet.
Tanken er å gje ei vakker kunstoppleving, samtidig som dei usynlege laga i landskapet blir formidla gjennom kunstverket, landskapsopplevinga og sogemobilen.
Guro Lomodden kom frå garden Lomodden, og ho var så glad i å danse. Sjølv etter at ho datt ned frå låvebrua og brakk foten slik at ho blei halt så dansa ho. Etter ho var død seiest det at ein kunne sjå ein skugge på kyrkjegarden som dansa med ein fot laust slengjande under stakken. Slåtten ho lika best var den som i dag heites "Guro Lommodden".
Kunstnar: Trygve Barstad
Du kan ringe sogemobilen på 35 19 76 23, tast 30. Så får du høyre ein kort versjon av soga om Guro fortalt av Jon Svartdal. Slåtten er spela av Sara T. Fjågesund.

  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark

Generelt

Landskap
  • Fjellområde
Click to activate
Seljord, Norway
The latitude and longitude
59° 29' 17" N / 8° 38' 6" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad