VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
close
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland KINN

Kinn Bryggeri: Omvising og ølsmaking på Vesle Kinn

  • Strandgata 28, Kinn
  • +47 90090465
  •  /  km From You
Overview
Details

Bli med på omvising og ølsmaking på Vesle Kinn!

Bli med på omvising og ølsmaking på Vesle Kinn!

Vesle Kinn er både ølkaféen og testbryggeriet til Kinn Bryggeri. Du finn Vesle Kinn i hjartet av Strandgata i Florø. I bakre delen av lokalet har dei det vesle bryggeriet der dei prøver ut nye råvarer og oppskrifter, og dei driv med lagring på franske eiketønner. Frå midten av juni til midten av august, og elles av året på førespurnad, så kan du bli med på omvising og ølsmaking på Vesle Kinn. Her får ein komme inn i bryggerilokalet, sjå på utstyret ein bryggjar med, lære om bryggjeprosessen og historia til Kinn Bryggeri. 


​​​​​OMVISING OG ØLSMAKING
23. juni – 28. august. Resten av året på førespurnad.
Onsdag: 17:00-18:00
Laurdag: 17:30-18:30
Pris: 310,- per person.

*På dei andre dagane er det ope i bryggeriet der ein kan gå og sjå seg rundt. Det er og mogleg å bestille omvising og ølsmaking for grupper gjennom heile året. Ta kontakt på post@veslekinn.no for meir informasjon. 

VESLE KINN
Ølkaféen Vesle Kinn er open heile året. Her finn du eit rikt utval av øl både på tapp og flasker, drinkar, cider, vin, jus og andre alkoholfrie alternativ. Gjennom året blir det arrangert quiz, konsertar og foredrag på Vesle Kinn. Opningstider og informasjon om arrangement finn du her


KINN BRYGGERI
Kinn Bryggeri vart starta opp i 2009 av heimebryggaren og ølentusiasten Espen Lothe, og lagar ei rekkje smaksfulle øl i engelsk og belgisk stil. All produksjonen skjer på bryggeriet i Florø og alle øl blir gjæra i opne gjæringskar. Ingen av øla blir pasteuriserte eller filtrerte, då dette er prosessar som øydelegg den naturlege smaken i øl. "Vi gjer det på gamlemåten" er mottoet til Kinn Bryggeri.


BRYGGERIRUTA
Ope bryggeri er ein del av rundturen Bryggeriruta, som også går innom Ægir Bryggeri i Flåm og Ciderhuset i Balestrand. 


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Taste Norway

Barer og puber
  • Bryggeri

Opening hours

23. juni 2021 – 28. aug. 2021
Daily: 16:00–0:00
on. 17:00–18:00
lø. 17:30–18:30
See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages