Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway


Kinn Bryggeri: Omvising og ølsmaking på Vesle Kinn

  • Strandgata 28
  • +47 90090465
  •  /  km From You
Overview

Bli med på omvising og ølsmaking på Vesle Kinn!

Vesle Kinn er både ølkaféen og testbryggeriet til Kinn Bryggeri. Du finn Vesle Kinn i hjartet av Strandgata i Florø. I bakre delen av lokalet har dei det vesle bryggeriet der dei prøver ut nye råvarer og oppskrifter, og dei driv med lagring på franske eiketønner. Frå midten av juni til midten av august, og elles av året på førespurnad, så kan du bli med på omvising og ølsmaking på Vesle Kinn. Her får ein komme inn i bryggerilokalet, sjå på utstyret ein bryggjar med, lære om bryggjeprosessen og historia til Kinn Bryggeri.
Det er og mogleg å bestille omvising og ølsmaking for grupper gjennom heile året. Ta kontakt på ,post@veslekinn.no, for meir informasjon
VESLE KINN
Ølkaféen Vesle Kinn er open heile året. Her finn du eit rikt utval av øl både på tapp og flasker, drinkar, cider, vin, jus og andre alkoholfrie alternativ. Gjennom året blir det arrangert quiz, konsertar og foredrag på Vesle Kinn.
KINN BRYGGERI
Kinn Bryggeri vart starta opp i 2009 av heimebryggaren og ølentusiasten Espen Lothe, og lagar ei rekkje smaksfulle øl i engelsk og belgisk stil. All produksjonen skjer på bryggeriet i Florø og alle øl blir gjæra i opne gjæringskar. Ingen av øla blir pasteuriserte eller filtrerte, då dette er prosessar som øydelegg den naturlege smaken i øl. "Vi gjer det på gamlemåten" er mottoet til Kinn Bryggeri.
BRYGGERIRUTA
Ope bryggeri er ein del av rundturen ,Bryggeriruta,, som også går innom Ægir Bryggeri i Flåm og Ciderhuset i Balestrand.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages