








Ei flytande badstove midt i Florø. Nyt varmen frå badstova og ta eit friskt dypp i fjorden – heile året!
Hos Kinn Damp kan de bestille privat tid eller kome på drop-in for opptil 10 personar. Badstova har eit skifterom, og det er dusj på flåten. Koble deg på musikkanlegget og nyt ei herleg stund saman med vener, kollegaer eller familie. Kjensla av å sitje i ei varm badstove og deretter hoppe ut i den forfriskande Solheimsfjorden – det må berre opplevast!
Kinn Damp ligg ved Florø Seilforening. Frå Florø sentrum går du FV548 mot Firdavegen. Følg denne vegen heilt mot Brandsøyvegen. Etter om lag 20-25 minutt kjem du til sjøen. Følg vegen mot Fureholmen og Florø Seilforening. Ved enden av Fureholmen finn du Kinn Damp. Det er også mogleg å parkere om du ønskjer å køyre dit.
Ja, du må ha med handklede sjølve når du skal nytte badstua. Ein til å sitte på, og ein til å tørke av saltvatn viss du skal bade. Det er ikkje toalett tilknytta badstuen.
Ja, det er mogleg å endre tidspunkt og antal personar. Ta kontakt med Kinn Damp.
Døra til badstua opnar 15 minutt før booking. Den vil vere låst 15 minutt etter at bookingtida di har gått ut.
Du må ha forlatt saunaen innan bookingtida di er gått ut slik at neste pulje får maksimalt ut av si bookingtid.
Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord