Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Overview
Details

Vil du oppleve og bu på øya Kinn, lengst vest i havet utanfor Florø? Ta rutebåten frå Florø til Kinn. Her kan du overnatte i det gamle skulehuset på øya. Her både var det skule frå 1920-talet. I 1. etasje var skulestova og på loftet hadde læraren eit rom og kjøkken. Skulehuset på Kinn vert drive av Flora Turlag. Her er montert standard DNT-lås. Hugs lakenpose, sengetøy og handkle. Været er skiftande så langt vest i havet. Hugs regn- og vindtette kle.

På hytta er det fult utstyrt kjøkken, skulestove, sovesal på loftet og eit dobbeltrom. Det er dusj og toalett. Det er varmepumpe og ikkje vedomn på hytta. Vi anbefaler at vatnet i springen kokast før bruk. Trenger du hjelp med bagasje o.l. er det ei tralle ved hytta som kan brukast til det formålet.

Øya Kinn har ei rik historie med Kinnakyrkja frå 1100-talet som eit høgdepunkt. Segnene om heilagfolket og sankta Sunniva som kom over havet frå vest og stranda på Selja og Kinn, har alltid gjort inntrykk på folket her. Det kjende seglingsmerket «Kinnaklova» ligg vest på øya. På øya ligg den gamle handelstaden i Kinnasundet frå 1600-talet og like ved øya ligg det store havfyret Ytterøyane Fyr som vart bygd i år 1881.

Naturen på den grøne øya heilt vest i havet er heilt unik. Her får du det vide utsynet og solnedgangen i horisonten.

TURMOGLEGHEITER


Det er mange turmoglegheiter på øya Kinn. Omkring øya er det merka sti. Denne stien er ein del av kystpilegrimsruta Sunnivaleia. Langs denne stien har Flora historielag sett opp merker ved fornminnene som er på øya. I tillegg er det sett opp pil ved starten og merka sti til Kinnafjellet. Denne stien går frå vegen på nordsida av øya. Det er også merka sti opp på Stauren. Stauren er den sørlege toppen i «Kinnaklova» og stien opp hit tek til i Høgskaret som er det høgste punktet på stien som går omkring øya. Det er også mange som går tur opp i Kinnaklova. Her går ein opp frå austsida og det er ein del lausmasser på vegen opp i klova.  


Kinn inngår som siste stopp på arrangementet "Øyane Over" som Flora Turlag arrangerar kvar vår i mai. På øya vert også det historiske spelet «Kinnaspelet» framført. Spelet vert halde 3. helga i juni og det er over 100.000 som har sett spelet til no.


Elles er det fantastiske padlemoglegheiter med Kinn som utgangspunkt.


ADKOMST


Det går rutebåt frå Florø til Kinn. Frå kaia på Kinn til hytta er det om lag 1 km langs god grusa veg. For båttider sjå http://ruteinfo.no/


PRAKTISK INFORMASJON


Type hytte: Ubetjent
Overnatting: 9 sengeplassar
Sesong: Heile året
Nøkkel: standard DNT nøkkel
Koordinatar: 61 grader 33,94 minutt nord, 4 grader 46,04 minutt aust.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
  • Lett
  • Ekspert
  • Middels
Click to activate
Flora, Norway
The latitude and longitude
61° 33' 54" N / 4° 46' 4" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad