Florø

Kinnaspelet

Bestill
  • Kinnaspelet
  • Kinnaspelet
  • Kinnaspelet
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 48100481

Kinnaspelet - Songen frå det store djup. Opplev det historiske spelet lengst vekk i havet der storhavet møter Kinnaklova.

Velkommen til teateret ved havet!

Tredje helga i juni kvart år kan du oppleve historia om danskekongen sin fut som kjem til Kinn i 1537 for å gjere kjent at pavekyrkja si tid er forbi. Kongen eig no alt kyrkjegods, og ein ny luthersk prest skal setjast inn. Dette blir ikkje tatt godt imot hos bygdefolket på Kinn.

Skodespelarar, kor og orkester, profesjonelle og amatørar fortel denne historia. Med storhavet, Kinnakyrkja og Kinnaklova som scenebilde blir dette ei unik oppleving.

Kinnakyrkja

Kinnakyrkja er bygd på 1100-talet og er ei av dei eldste steinkyrkjene i Norge. Kyrkja er opa for publikum, sjå programmet for tidspunkt. Etter spelet er det opa kyrkje med vertskap heile sommaren ut august.

Program

I tillegg til spelet er det ulike aktiviteter for små og store både laurdag og søndag. Det er gudsteneste, vandring, foredrag, kunstutstilling og konsert. Det er open kiosk heile helga der du får kjøpt drikke, snacks, rømmegraut og burgarar.

Overnatting

I Florø finn du overnatting på hotellar og campingplass, for meir informasjon, sjå her

Korleis komme seg dit

Kinn er øya som ligg lengst vekk i havet utanfor Florø. Heile helga går det båtar fortløpande for å bringe deg ut til øya. Frå kaia på Kinn er det 20 minutt å gå til kyrkja på grusveg. Til Florø kjem du enten køyrande, med båt frå Bergen eller Selje, eller fly frå Bergen eller Oslo.

    Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord