Kinnaspelet






Kinnaspelet - Songen frå det store djup. Opplev det historiske spelet lengst vekk i havet der storhavet møter Kinnaklova.
Tredje helga i juni kvart år kan du oppleve historia om danskekongen sin fut som kjem til Kinn i 1537 for å gjere kjent at pavekyrkja si tid er forbi. Kongen eig no alt kyrkjegods, og ein ny luthersk prest skal setjast inn. Dette blir ikkje tatt godt imot hos bygdefolket på Kinn.
Skodespelarar, kor og orkester, profesjonelle og amatørar fortel denne historia. Med storhavet, Kinnakyrkja og Kinnaklova som scenebilde blir dette ei unik oppleving.
KinnakyrkjaKinnakyrkja er bygd på 1100-talet og er ei av dei eldste steinkyrkjene i Norge. Kyrkja er opa for publikum, sjå programmet for tidspunkt. Etter spelet er det opa kyrkje med vertskap heile sommaren ut august.
ProgramI tillegg til spelet er det ulike aktiviteter for små og store både laurdag og søndag. Det er gudsteneste, vandring, foredrag, kunstutstilling og konsert. Det er open kiosk heile helga der du får kjøpt drikke, snacks, rømmegraut og burgarar.
OvernattingI Florø finn du overnatting på hotellar og campingplass, for meir informasjon, sjå her
Korleis komme seg ditKinn er øya som ligg lengst vekk i havet utanfor Florø. Heile helga går det båtar fortløpande for å bringe deg ut til øya. Frå kaia på Kinn er det 20 minutt å gå til kyrkja på grusveg. Til Florø kjem du enten køyrande, med båt frå Bergen eller Selje, eller fly frå Bergen eller Oslo.
- Familievennlig
Mandag: Stengt
Tirsdag: Stengt
Onsdag: Stengt
Torsdag: Stengt
Fredag: Stengt
Lørdag: 09:00–19:00
Søndag: 09:00–19:00
Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord
Kinnaspelet