Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Seljord

Kivledalen på sykkel

  • +47 35050400
  •  /  km From You
Overview
Details

Sykletid: ca 1 time
Vegdekke: Grus
Nivå: Middels


Kivledalen ligg ovanfor Seljord sentrum, nedunder Skorvefjellet.

Tilrår å køyre opp Sundsbarmvegen mot Kivledalen og starte turen yttarst i dalen omlag der asfalten sluttar. Her er det veglommer ein kan parkere på. Kan også starte på Brøløs, men oppstigninga på ca 3 km er tung og bratt.
Vegen går innover langs sørsida og kryssar Kivleåi v/Tresland. Den bratte bakken nedanfor Tresland blir kalla Brurekleiv etter ei hending i tidlegare tider. Går utover dalen att på nordsida der det er ein del busetjing. Vil ein gjere turen lengre kan ein ta sløyfa rundt Hanakamjuvet og kome tilbake ved Tresland.
Vegen passerer Nystauljordet der Gygresteinen ligg. Vidare går vegen heilt til garden Venås som har ei imponerande utsikt over Seljord. Frå Venås fylgjer ein vegen eit stykke nedover før ein tek av inn mot høgre på ein traktorveg som går gjennom skogen, kryssar Kivleåi i botnen av dalen og kjem tilslutt oppatt på Kivledalsvegen.
Kan også sykle den nokså bratte og delvis steinete vegen frå Venås og heilt ned til Seljord sentrum (forbi Prestegarden og Seljord kyrkje).
Kivledalen er kjend for soga om Kivlemøyane.

Turen rundt Kivledalen er også fin å gå til fots.

Historia om Kivlemøyane.
Kivledalen er kjent for segna om Kivlemøyane. I denne særmerkte fjelldalen som tek ein kjøyretur på 5 km frå Seljord sentrum, skal det ha stått ei kyrkje i katolsk tid. Segna fortel om tre ungjenter som gjætte geiter oppi dei bratte grasberga høgt ovom kyrkja. Dei var så gode til å spela på bukkehorn og fløyter, vyrde ikkje messetida, men let tonane fløyme over dalen. Tonane nådde heilt inn til folka i kyrkja og lokka dei ut på kyrkjebakken midt under messa. Den katolske presten blei så harm og opprørt at han steig ut på kyrkjetrammen i fullt messeskrud, lyfte armane mot Kivlemøyane oppe i fjellet og mana dei i stein. Dei blei til tre steinblokker som stod på egg oppi Kalvejuvet. Segna om Kivlemøyane og slåttane dei spela lever framleis i forteljekunst og folkemusikk. Segna er nytta av mange kunstnarar som J.S. Wellhaven, Olaf Sveinsson, Jørund Telnes o,fl.


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark

Generelt

Landskap
  • Skogsområde
  • Fjellområde
Årstid
  • Hele året

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Langrenn
  • Kultursti
  • Jakt og fiske
Sykling
  • Sykkelrute/-tur
Click to activate
Seljord, Norway
The latitude and longitude
59° 29' 2" N / 8° 37' 38" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad