Vøringsfoss

Kjeldebu - Finse

  • Viser Kjeldebu turisthytte på avstand, den ligger ved en elv.
  • Et lite fjellvann i forgrunnen, Kjeldebu sees i bakgrunnen.
  • En kvinne står på en stein og stirrer utover fjellandskapet.
  • Et lite fjellvann under en skyet himmel.
  • Et fjellvann i forgrunnen, Hardangerjøkulen sett i bakgrunnen.
  • Utsikt over Sysendammen.
  • Store Ishaug sett på avstand.
  • Et lite fjellvann, delvis dekket av snø og is.
  • Fjellandskap med en sti i midten.
  • Et dronebilde av Skytjevatnet fjellvann og Rembesdalen dam.
  • Finsehytta fjellstue sett fra utsiden.

    Hardangervidda 227

    Eidfjord, Vestland

    Vis i kart

Du kan fortsette turen frå Kjeldebu (sjå turbeskrivelse Dyranut - Kjeldebu - Fossli) til Finse på austsida av Hardangerjøkulen. Dette er ein lang og heller krevande tur, og vi anbefalar å planlegge turen godt.

Les rutebeskrivelsen på www.ut.no og bruk gode kart. Vi anbefalar middag og overnatting på Finsehytta før du tek toget frå Finse til Haugastøl/Geilo og buss tilbake til Fossli.



Dette er ein tur i høgfjellet. Dette må du vite før du går i høgfjellet i Norge:



Det er lurt å planlegge turen godt. Turisthyttene ynskjer forhåndsbestilling på overnatting, då er du sikra plass. Overnatting på dei DNT-hyttene som er tilrettelagt for forhåndsbestilling på nett kan bestillast på DNTs hyttebestillingsside. Her får du kjapt og enkelt oversikt over hvilke hytter som er tilgjengelege på dine valgte datoar. Bestill her



For DNT-hytter som fortsatt ikkje er tilrettelagt for forhåndsbestilling på nett og private turisthytter, sjå ut.no for kontaktinfo, slik at du kan ta direkte kontakt for bestilling.



For gode turbeskrivelsar og kart, sjå ut.no



Ta med varme, vindtette og vasstette klede.



Veret i høgfjellet er annleis enn i låglandet. Du må vera førebudd på låge temperaturar, også om sommaren. Veret kan skift raskt. Om det er fint ver i låglandet kan det vera skodde i høgfjellet, og vesentleg lågare temperaturar.



Ha med kart og kompass (og GPS). I Norge kan det vera vanskeleg å følgja stien, trass i at den er merka. Særleg i skodde kan ein gå seg bort. Difor treng du kart og kompass.



Du har ikkje tilgang til elektrisitet i høgfjellet: ta med nok batteri! I kulde bruker du meir batteri.



Du har i regelen IKKJE mobildekning (og IKKJE internett) i høgfjellet. Skjer det noko, er det ikkje sikkert du kan ringa etter hjelp. Det kan vera fleire dagar å gå til nærmaste bilveg.



Me reknar avstandar i fjellet i timar og ikkje kilometer. Norsk standard gangtid (som du vil finna turskildringar, og som er merka inn i turkart ) opplev mange som svært rask gange. Du må legge til ekstra tid for pausar. Ein 6-timarstur er rekna som fulldags tur, og ein 8-timarstur er rekna som ein lang dags tur. Ver merksam på høgdeforskjell. Ein kilometer i flatt terreng er annleis enn 4 kilometer med høgdeforskjell på 1.000 meter. Nedoverbakke er like krevjande som oppoverbakke, særleg om ein ber tung sekk.



Skal ein gå fleire dagar i fjellet må ein vera i fysisk form til å klara det.



I høgfjellet er du i villmarka, på godt og vondt. Det er ikkje butikkar, lege, restaurantar eller minibank tilgjengeleg. Det kan vera fleire dagar å gå til nærmaste bilveg.



Ver merksam på at sesong for tur i høgfjellet er i juli og august, når det er snøfritt. Vinteren kan kome brått, og nådelaust, allereie i september.



Ikkje utsett deg sjølv eller andre for fare, ved å gå utanfor sesong, eller ved å vera dårleg utstyrt. Kvart år må mange ha hjelp av frivillige i fjellet.



I regelen kan du drikka vatn i høgfjellet, men dette er ingen garanti. Ver obs på område der mange ferdest (til dømes ved Trolltunga), og i små vassdrag.



Ta med alt søppel heim.



Naturen i høgfjellet er svært sårbar. Ikkje uroa dyr og fuglar, og øydelegg ikkje vegetasjon.



Det er ikkje lov å gjere opp eld i skogsområde mellom 15. april og 15. september.



Skal du fiska i vatn, må du ha fiskekort. Dette er til sals online på inatur, på turistkontora, og ofte på hyttene i fjellet.


  • Sommer

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS