

Kjenndalsbreen er ein brearm av Jostedalsbreen, og er Jostedalsbreen sin lågaste arm.
Innst i Lodalen finn ein starten på Kjenndalen og Kjenndalsbreen.
Frå Loen går det bilveg gjennom Lodalen og Kjenndalen nesten heilt fram til breen.
Kjenndalsbreen ligg inst i botnen av dalen, 17 km bilveg frå Loen (bomveg). Frå parkeringsplassen tar det 15 min å spasere til Jostedalsbreen sin lågaste brearm.
Stien inn til utsiktspunktet før Kjenndalsbreen vart oppgradert i 2010.
I enden av Lovatnet finn du kaféen Kjenndalsstova som har sesong frå mai til september.
Vegen inn til Kjenndalen er vinterstengt.
Kilde: Nordfjord