Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Stavanger Forsand

Kjerag - fottur

  • Lysebotn, Forsand
  • +47 51703660
  •  /  km From You
Overview
Details

Kjerag - majesteten i Ryfylke innst i Lysefjorden i Forsand kommune!

Kjerag - majesteten i Ryfylke innst i Lysefjorden i Forsand kommune!

Med 1084 meter ragar Kjerag høgast av alle toppane i Lysefjorden. Fjellmassivet har lenge vore mest beundra frå fjorden, men dei seinare åra har det blitt stadig meir populært å ta turstien til sjølve platået. Dei fleste er nøgd med å nyte utsikten over Lysefjorden frå sjølve platået, men for nokre turgåarar er høgdepunktet å bli foreviga på Kjeragbolten, ei rund steinblokk kilt fast i ein fjellsprekk. Kjerag har også blitt eit populært mål for fjellklatrarar og basehopparar.

Kjerag er også imponerande sett frå fjorden, frå ferje eller sightseeingbåt. Kjeragbolten kan du og skimte 1000 m. over deg.

Korleis kome til Kjerag
Ein kan kome til Øygardstøl anten med ferje (Turistbilferja eller Kombibåten) til Lysebotn og bil/taxi vidare til Øygardstøl eller ved å køyre via Sirdalen på vegen til Lysebotn (vinterstengt veg frå ca oktober til mai/juni, kontakt Statens vegvesen, tlf. 175). På sommaren har Tide Reiser busstur til Kjerag frå Stavanger. Meir informasjon om korleis kome til Kjerag!

Fotturen startar frå den avgiftsbelagde parkeringsplassen på Øygardstøl sør for Lysefjorden ved Lysevegen ovafor Lysebotn. Den krevjande løypa går opp og ned fleire ryggar, og har ein høgdeskilnad på 570 m. T/r: 10 km, 5 t.

Hugs godt fottøy, varme klede og mat. Generell god fysikk er absolutt nødvendig. Sesong: juni - september.

Turstien er ein del av Stavanger Turistforening sitt nyleg utbedra løypenett, kor ein no kan gå Lysefjorden rundt.

Servicebygg som ligg der stien til Kjerag startar, og rommar toalett og turistinformasjon.

I Kjeragfjellet kan det ein bestemt stad oppunder toppen høyrast eit skotlignande smell samtidig som ein røyk står ut frå fjellveggen. Dette skjer omatt med visse mellomrom. Ein oppmålingsingeniør opplevde dette fenomenet i 1855. Han fortel: "Jeg hørte først enkelte skræld som efterhaanden blev hyppigere og stærkere, derpaa hørte jeg en overordentlig bragen og saae en lysstraale fare i horisontal retning ud fra klippen indtil omtrent midten av fjorden hvor den oppløste sig og forsvandt." Kva dette kjem av er, er usikkert, men bygdefolk har frå tidlegare tider meint at det er vatn som blir pressa ut frå fjellveggen.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
  • Middels
Landskap
  • Fjordområde
  • Skogsområde
  • Fjellområde
Årstid
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Dagsturer (5-11 timer)
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Bussparkering
  • Parkering

Facts

Effort Level
Challenging
Duration
5 timer
Landscape
Fjord area
Season
Summer
Click to activate
Forsand, Norway
The latitude and longitude
59° 2' 54" N / 6° 38' 32" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad