Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Åkra

Kløvtur frå Åkra til Eikemo i Åkrafjorden

  • Smiedal, Kvinnherad
  • +47 53471346
  •  /  km From You
Overview

Fottur med guide og kløvhest til idylliske fjellvatn og stølar og over mektig fjellandskap. Overnatting i lavvo, retur med RIB-båt.
Dette er ein fottur der hestane ber mat og utstyr. Turen er med overnatting i lavo inne i fjellet.
Utgangspunktet for turen er i Åkra i Åkrafjorden, men frammøteplass kan avtalast med turansvarleg. Starten er frå ein skogsbil veg ca. 400 mho. Vi går innover ein gammal stølsveg der folk og fe har ferdast i uminnelege tider. På Åkrastølen tek vi pause, går så vidare mot Varaskard ca. 800 moh, her opnar fjellet seg med utsikt heilt inn til Folgefonna. Turen går vidare langs eit høgdedrag, forbi små fjellvatn,og etter mange små stoppar og lunsjpause er vi inne ved Sandvatna der vi skal overnatta.Har du med fiskestang er det kansje råd med ein aure til kveldsmaten. Vi set og ut garn og håpar på fisk til frukost.
Neste dag etter frukost må ein smørje niste for dagen, her snur hestekaren og folket går vidare mot Eikemo. Ferda vidare byrjar med oppstigning over Sandvasshorga, forbi Bjellandsvatna og viss veret tillet over Avaldsnuten 1245moh. Her vert det ein lang pause der vi nyt den formidable utsikten. Det vert så ein lang nedstigning til Eikemostølen. Andre gonger (og i dårleg vær) legg me turen ned Skreddalen som er ein lettare tur i eit fascinerande landskap. På Eikemostølen ventar eit godt måltid før siste etappe mot fjorden og båtskyss, i ein rib-båt slik att de får med fart og sjøsprøyt.
Dette er ein tur på ca.30 km, men med rimeleg god form skulle det gå greit, her brukar vi den tida vi treng, klokka brukar vi minst råd er.
Turansvarleg er Trygve Øvstebø frå Åkra, ein godt vaksen kar med lang fartstid i fjellet.
På bestilling for mindre grupper (4 - 12 personar)


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Kvinnherad, Norway
The latitude and longitude
59° 47' 29" N / 6° 5' 46" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad