Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Voss

Klatre- og ziplinepark

  • Voss Klatrepark, Voss
  • 56 51 05 25
  •  /  km From You
Overview

Balanser frå tretopp til tretopp, eller sus over Strandaelva i zipline-parken!

Klatre- og ziplineparken ligg plassert i naturskjønne omgjevnadar ved Strandaelva. Klatreparken inneheld totalt 6 løyper: 2 store og 4 små. Totalt 55 ulike klatre- og balansehinder der den høgste aktiviteten befinn seg meir enn 12 meter over bakkenivå! Dei store løypene er for dei frå 10 år og 140 cm. For dei små løypene er det inga aldersgrense, men ein må vera min. 100 cm. Høgdeaktivitetane er varierte, morosame og utfordrande for barn så vel som vaksne. Blant aktivitetane i dei store løypene kan det nemnast to zip-lines der den lengste er på over 70 meter. Aktivitetane er fordelt på to løyper, slik at fleire grupper kan aktiviserast samstundes i parken.

Nytt i klatreparken er ein zipline-park med fem zipliner, den lengste på 150 meter. Ziplinene går frå tre til tre gjennom skogen og over Strandaelva. 

I dei små løypene er ein heile tida kobla til ei sikkerheitsline, så ein treng ikkje å koble seg av og på for å prøve dei ulike elementa, slik som i den store løypa.


* Krav til deltakar:
Stor løype:
Minimum høyde: 140 cm
Aldersgrense: 10 år

Lita løype:
Minimum høyde: 100 cm
Aldersgrense: Ingen

Zipline-park:
Minimum høgde: 140 cm
Aldersgrense: 10 år
Maksimum vekt: 130 kg


* Deltakarar må ta med; Kle etter vêrtilhøve, solide sko.
* Du får låne av Voss Active; Klatresele, hjelm og anna sikringsutstyr.

For grupper: (utanfor faste opne dager)

April - nov: Ved førehandstinging. (min 10 personar)


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Opening hours

5. mai 2018 – 28. okt 2018:
lør søn 10:00–18:00
23. jun 2018 – 2. sep 2018:
Daily: 10:00–18:00
See All
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad