Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Skulestadmo

Klatrepark Stor Løype og Ziplinepark, Pakke frå Voss Active

Ønsker du å utfordre balansen? Her kan du klatre gjennom skogen frå tre til tre i dei store klatreløypene! Etterpå kan du også suse gjennom lufta i zipline-løypa. (For dei over 140 cm)

Parken ligg i naturskjønne omgjevnadar like ved Strandaelva i Åsbrekkegjelet.
Løypene er varierte, morosame og utfordrande for både born og vaksne.

I parken er det to store løyper og ei ziplineløype for dei over 140 cm.
Du finn totalt over 60 element fordelt på stor, lita og mikro løypa.

Opningstider
Helger: 14. mai - 16. okt
Kvar dag: 18. juni - 28. aug

Ekstra Opningstid
26. & 27. mai
6. Juni, 10. - 14. oct

Booking
Bestill online!
«Drop in» gjestar er ikkje garantert plass

Info
Rekn ca. 2-3t
Billetten inkluderar 27 element og 7 zipliner
Parken opnar kl10:00*
Innsjekk 15 minuttar før bestilt klatring
Siste innsjekk kl. 15:00*
Normalt stengar parken rundt 17:00*

*Kan variere noko avhengig av vær

Du treng
Gode sko
Kle etter vær høve
Delta på instruksjon, ved innsjekk

Praktisk info og krav
Krav: min. 140cm, maks 120kg

Born under 12år må har ein vaksen med i løypa
(maks 3 born per vaksen)

Born frå 12år til 15 - ein vaksen vere til stades
( i klatreparken, men treng ikkje bli med i løypa)

Ein vaksen må signere erklæringa for dei under 16år

Last updated: 01/03/2024

Source: Destinasjon Voss

Klatrepark Stor Løype og Ziplinepark, Pakke frå Voss Active

Sider du nylig har besøkt