Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Klatring i Lom | Tronoberget klatrefelt

Tronoberget klatrefelt ligg 3 km. frå Lom sentrum, og byr på variert klippeklatring med nydeleg utsikt.

På topptur eller fjelltur i Lom, og ynskjer deg ei utandørs klatreøkt?  Da bør du ta ein tur til Tronoberget klatrefelt, som ligg omlag 3 km frå Lom sentrum. 

I Tronoberget klatrefelt finn du meir enn 50 ruter - for alle nivå. Her kan du klippeklatre på topptau, trene på å setje topptausfester og rappellfester.

Det er laga ein eigen klatreførar for Tronoberget. Sjå klatreføraren for Tronoberget her!

Utstyr til klatring må kvar skaffe sjølv. Det er inga rettleiing i klatrefeltet, og ingen instruktør til stades. Bruk hjelm! All klatring skjer på eige ansvar.
Ynskjer du å leige klatresko, kan du enkelt gjere det hos Naturopplevingar. 

Staden eignar seg godt for klatrekurs og terping på tau- og sikringsrutiner. Ynskjer du å leige med deg guide, kan du kontakte eit av aktivitetsselskapa i Lom og Jotunheimen

Korleis kjem du deg dit? 
Køyr frå Lom sentrum i retning Otta og ta til venstre mot industriområdet, forsett over brua. Frå her er det strake vegen til ein kjem til ein møteplass. Parkering her. Her finn du eit godt råk på venstre sida, følg dette fem minutt og du kjem rett til klatrefeltet.

Last updated: 08/09/2022

Source: Visit Jotunheimen AS

Klatring i Lom | Tronoberget klatrefelt

Sider du nylig har besøkt