Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Briksdalsbre

Kleivafossen

"På min raske og ville ferd gjennom Nordfjord så var tur til Kleivafossen og Briksdalsbreen ein av turane eg skulle oppleve. Den mektige Kleivafossen som midt på sommaren dusjar turistane med friskt brevatn på veg over brua, fekk eg også erfare. Eg drog hetta på jakka mi godt over hovudet på veg over brua, men klarte likevel ikkje å springe over brua utan å sjå direkte på fossen. Det kjølige og friske vatnet fukta ansiktet mitt. Skal seie at det er krefter i fossen".​​​​​​ - Fred Syversen

Kleivafossen har gjennom lange tider dusja turistar på veg over brua på veg opp til Briksdalsbreen. Denne fossen er eit av dei mest fotograferte motiva i heile Norge.

Når isbreen smeltar går fossane mange og strie nedetter fjellsidene i Briksdalen. Som kvite sølvband kastar dei seg nedetter stupbratte svaberg i sin ville dans på veg mot blinkande, blågrøne vatn i dalbotnen. Det er som om vatnet har det svært så travelt etter fleire hundre års binding som is. Bruset frå fossane, spesielt Kleivafossen, er ein del av naturopplevinga som har gjort Briksdalen kjend.

Last updated: 08/14/2023

Source: Nordfjord

Kleivafossen

Sider du nylig har besøkt