Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Lyngdal

Kleivvannet

  • Stuestøl, Lyngdal
  •  /  km From You
Overview

Alt frå gammal tid var auren i Kleivvannet kjent for å vera spesiell god. Ikkje så stor, men raud og fin i kjøtet og velsmakande. Då vi først på 1990-talet byrja kultiveringa av vatnet, var det framleis fisk igjen av denne gamle stammen. I dag blir Kleivvannet kalka, og auren trivst så godt at vi kan ta ut ein del yngel for utsetjing i fisketomme vatn i nærleiken.  Som eit resultat av kultiveringsarbeidet, er det i dag faktisk for mykje fisk i vatnet, og difor er han i slankaste laget. I tillegg er aldersfordelinga noe ujamn med overvekt av ung fisk. Etter kvart vil dette stabilisera seg, med litt hjelp frå grunneigarane. Vi er svært opptatt av å halde fiskestammen rein, både genetisk og med omsyn til sjukdommar og parasittar. Difor reknar vi med at dei som fiskar i vatnet følgjer vanlege retningsliner og ikkje tilfører smitte t.d. gjennom fiskeutstyret eller ved å nytta levande agn Veibeskrivelse: Frå Lyngdal: Riksveg nr 43 nordover frå E39. Etter ca. 8 km ser du eit vegskilt som viser at det er 2 km til Stuestøl. (Det var her, like ved brua, at Veggja posthus låg, det du nå finn i Klokkergården i Lyngdal. Landets minste posthus.) Frå Eiken/Hægebostad: Riksveg 43 sørover, ca. 30 km frå Eiken, ca. 20 km frå Birkeland i Hægebostad til vegskiltet som viser til Stuestøl.. Etter 2 km smal grusveg finn du gardshusa for Stuestøl på venstre side. 100 m vidare finn du søndre delen av Kleivvannet. Her finn du også skilt som syner til Torvevegen kultursti. Eitt par hundre meter vidare, ved krysset merka med skilt til Hompland, finn du hytta. Kjem du langvegs frå, siktar du deg først inn på Lyngdal i Vest-Agder.

Kleivvannet ligger ved stuestøl i Kvås og her er det gode muligheter for ørretfisking. Fiskekort trengs ikke, fisking er åpent for alle.


  • Last Updated:
  • Source: Lister Reiseliv
Click to activate
Lyngdal, Norway
The latitude and longitude
58° 13' 27" N / 7° 7' 30" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad