Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Jotunheimen LOM

Klimapark 2469 - og istunnelen ved Galdhøpiggen

  • Brubakken 2, Lom
  • +47 61211600
  •  /  km From You
Overview
Details

Klimaparken - Noregs kulaste klasserom - er eit utandørs opplevingsområde - med istunnel - 1800 meter over havet ved foten av Galdhøpiggen.

Klimapark 2469 -  ei tidsreise i istunnelen oppunder Galdhøpiggen. 50 meter inn i isen. 7000 år tilbake i tid. Lærdom for livet. Kvar dag i sommarsesongen. 

Bli med oss til Mímisbrunnr Klimapark 2469 – eit utandørs opplevingsområde 1800 meter over havet. Tør du gå inn og bli med inn i ei verd av iseventyr med ein pallett av farger, ljos og lyd ein berre kan finne i Klimaparken? 

Om turen:
Turen i Klimparken er ein lett fottur med naturvegleiar som fortel om fjell og klima i utandørs opplevingsområde 1850 meter over havet - toppa med omvising i den fascinerande istunnellen i Juvfonne. Kjenn på islag som er inntil 7000 år gamle, opplev permafrosten som tiner, snøfonna som smelter og la deg trollbinde av fonnefunna som er utstilt i isen: Urgamle redskap, våpen, ski og klede som er gjort i fjellheimen dei siste åra i takt med klimaendringane smeltar snøen frå oldtida.

Tunnelen er hogd inn i isen med gangar og rom og har ein kinosal. Naturvegleiaren tilpassar informasjonen til gruppa, og gjer turen spennande og lærerik også for ungar. Totalt tek den guida turen om lag 2,5 timar. Merk at istunnelen berre er tilgjengeleg saman med naturvegleiar på guida tur. Etter besøket i istunnelen kan du på eige hand ta turen langs stigen bort til utkikkspunktet mot Kjelbreen.


Praktisk informasjon: 
- Guida tur med naturvegleiar to gonger dagleg om sommaren. 

- Totalt 2 km vandring inkludert istunnellen.

- Kle deg i varme klær, lue, vottar og solide sko. 

- Oppmøte: Juvasshytta ved Galdhøpiggen - tilgjengeleg med buss og privatbil

- 45 min køyring frå Lom - 30 min frå avkjørsla frå riksveg 55 på Galdsand

- Kafé, restaurant, overnatting og WC ved parkeringa på Juvasshytta

- Grupperabatt på guida tur og halv pris på inngangsbillett til utstillinga "Bergtatt" på Norsk fjellsenter i Lom


Booking: 
www.klimapark2469.no

 

Kontakt: 

T: +47 61 21 16 00

E: post@klimapark2469.no

N: www.klimapark2469.no

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Brevandring
  • Guidede turer
  • Vandring
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages