Bøverdalen
54
Klimapark 2469 og istunnelen
Klimapark 2469 er eit utandørs opplevingsområde som ligg 1800 moh., ved foten av Galdhøpiggen i Jotunheimen. Her kan du mellom anna bli med inn i ein spektakulær istunnel - 70 meter inn under isen - 7000 år attende i tid - og lære om jakthistorie, klimaendringar, tinande permafrost, smeltande snøfonner og dyra og plantane som overlev i dei barske fjella.
Ved foten av Galdhøpiggen ligg ein 375 kvadratmeter handhogd istunnel fylt med is-skulpturar og arkeologiske skattar. Istunnelen er designa og ljossett av kunstnar og skulptør Peder Istad, og er hakka ut og forma med handmakt.
Kvar dag frå midten av juni til langt ut i september, kan du bli med inn i isen. På vegen fram til tunnelen er det tilrettelagt med gangveg og formidlingsstasjonar kor du lærar om jakthistorie, klimaendringar, tinande permafrost, smeltande snøfonner og dyra og plantane som overlev i dei barske fjella.
Om turen:
Turen i Klimparken er ein lett fottur med naturvegleiar som fortel om fjell og klima i utandørs opplevingsområde 1850 meter over havet - toppa med omvising i den fascinerande istunnellen i Juvfonne. Kjenn på islag som er inntil 7000 år gamle, opplev permafrosten som tiner, snøfonna som smelter og la deg trollbinde av fonnefunna som er utstilt i isen: Urgamle redskap, våpen, ski og klede som er gjort i fjellheimen dei siste åra i takt med klimaendringane smeltar snøen frå oldtida.
Tunnelen er hogd inn i isen med gangar og rom og har ein kinosal. Naturvegleiaren tilpassar informasjonen til gruppa, og gjer turen spennande og lærerik også for ungar. Totalt tek den guida turen om lag 2,5 timar. Merk at istunnelen berre er tilgjengeleg saman med naturvegleiar på guida tur.
Praktisk informasjon:
- Guida tur med naturvegleiar to gonger dagleg om sommaren.
- Totalt 2 km vandring inkludert istunnellen.
- Kle deg i varme klær, lue, vottar og solide sko.
- Oppmøte: Juvasshytta ved Galdhøpiggen - tilgjengeleg med buss og privatbil
- 45 min køyring frå Lom - 30 min frå avkjørsla frå riksveg 55 på Galdsand
- Kafé, restaurant, overnatting og WC ved parkeringa på Juvasshytta

Kilde: Visit Jotunheimen AS
Klimapark 2469 og istunnelen