Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Klimapark 2469

  • Klimapark 2469 Postboks 5, Lom
  • +47 61211600
  •  /  km From You
Overview

Du finn Klimapark 2469 i Lom, ved foten av Galdhøpiggen i Jotunheimen. Over Juvflye blir du guida gjennom klimahistorie og fleire tusen års historie om jakt og fangst, før turen går vidare 60 meter inn i isen - 6000 år attende i tid.

Klimapark 2469 er eit utandørs opplevingsområde 1850 meter over havet, der klimahistorie, jakt og fangst blir formidla. På Juvflye, ved foten av Galdhøpiggen, har vi tilrettelagt med gangveg og formidlingsstasjonar. I Juvfonne, ved enden av gangvegen, er det hogd ut ein istunnel i den 6000 år gamle isen. Istunnelen er designa og ljossett av kunstnar og skulptør Peder Istad. På turen gjennom klimaparken vil ein guide ta gruppa med inn i eit spennande landskap med opplevingar og læring, ei kjelde til kunnskap om historie, natur og klima. Tid: 2-3 timar. Den guida turen går utandørs. Hugs varme og vindtette klede og gode sko.


  • Last Updated:
  • Source: Nasjonalparkriket Reiseliv AS
Click to activate
Lom, Norway
The latitude and longitude
61° 40' 31" N / 8° 21' 45" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad