Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Klokkarsteinen og dei gamle kyrkjeklokkene i Hemsedal

  • Hemsedal, Hemsedal
  • +47 32055030
  •  /  km From You
Overview

Så ven ein klang hadde kyrkjeklokkene i Hemsedal at somme meinte dei var reint for gode for ei fjellbygd. Dei skulle til Drammen. Men dei kom ikkje langt...

Klokkarsteinen og dei gamle kyrkjeklokkene i Hemsedal

Hovudvassvegen i Hemsedal er Heimsil, knapt farbar med båt over lengre strekker, men om vinteren var elvisen ei mykje nytta samferdslesåre. Den mest markante formasjonen ved Heimsil er Klokkarsteinen - eit enno levande minne om folk sin trang til å knytte segner til uvanlege naturformasjonar og til å bruka fantasien for å forklare korleids dei har vorte til. Ikkje minst kan Klokkarstienen stå som eit minnesmerke over kristendomen og kyrkja sin plass i det gamle bondesamfunnet. Hemsedal kyrkje har ikkje alltid lege som ho no ligg.

 
Skadvinarkyrkja

Den gamle stavkyrkja, eller Skadvinarkyrkja som ho vart kalla av di ho låg på garden Skadengard (Skadvin) sin grunn, stod fritt over dalen i Kyrkjebøgrenda. I den tida hang ikkje kyrkjeklokkene i eit kyrkjetårn slik dei gjer no, men i ein støpul ved sidna kyrkja, var det nok ikkje mange fleire enn dei som budde på Kyrkjebøgardane, på Haug og på Trøim som høyrde dei. Difor er det mange som meiner at støpulen med klokkene stod på Stupulhaugen, p0å kanten mot dalen. Derifrå ville ein kunne høyre dei vidt og breitt over dalen.
 
St. Olavssteinen

Så ven ein klang hadde desse klokkenen at dei styrande tykte dei var reint for gode for ei lita fjellbygd. Dek skulle køyrast til Drammen. Dei køyrde over isen med klokkene , og det gjekk bra til dei kom til St. Olavsteinen, då vart klokkene med eitt så tunge at hesten ikke kunne rikke lasset av flekken. Dei spende føre ein hest til, men dette hjelpte ikkje det slag. Hemsedølene skjøna no kva som var årsak til dette og snudde. No drog ein to års gamal fole lasset attende til Hemsedalskyrkje som ingen ting. Sidan det har St. Olavsteinen hatt namnet Klokkarsteinen!
 

Klokkarsteinen

Ved Fossheim på Ulsåk om lag ved foten av Grøteurda ligg Klokkarsteinen halvegs uti elva. Korleis desse steinane hadde kome dit dei ligg veit tre ulike folkesegner å fortelja, og Heilag Olav har ein finger med i spelet i alle tre:
Hans Flaten kallar steinen for St. Olavssteinen. Ein gong steig Sankte Olav tvers over Hemsedal med den eine foten på Grøtenuten og den andre på Storehødn. Han hadde ein stor stein i fanget, som han sleppte ned i Hemsila. Steinen sprakk sund i fallet, man ligg der enno, og heiter Klokkarsteinen.
 
Ola Eikre har skrive ned ein annan versjon etter Ola B. Løken: Ein gong kom Heilag Olav frå Valdres til Hemsedal. Han passerte Fetjaåne og like etter stoppa han for å ta seg ein rast ved ein bratt, liten fjellklant. Medan han låg der og kvilte, festa brystbilete av kongen seg i steinmosen på fjellklanten. Etter rasten kom Heilag Olav til eit lite tjern som i dag blir kalla Olavstjednet. Her seinka han ned ein stor koparkjel full av sølvmynter. Så fekk han sjå Hydnefossen på den andre sida av dalen og bestemte seg for å vatne hesten sin der. Han tok sats, sette over og landa på Veslehødn med så stor tyngde at det løysna ut eit stort skard som kallast Hødnskjaften. Dette gjorde kongen sint, han greip ein stor stein og slengde han nordvestsover. Steinen landa i Hemsil.
 
Endå en variant fortel at då Heilag Olav ein gong kom til Hemsedal, var det eit stort troll som prøvde å stoppa han. Kongen treiv då ein neve stein i Veslehødn, der Hødneskjaften er i dag, og kasta etter trollet, men steinen råkte ikkje og ramla ned ved Grøte!
 
Klokkarsteinen sprekk! Eller historia var ikkje slutt med folungen...

Hemsedal stavkyrkje vart riven i 1882. Dei gamle mellomalderklokkene heng no i Hemsedal kyrkje, der dei har vore i bruk fram til 1990 då det vart hengt opp nye klokker med automatisk riging i kyrkja. Same vinteren sprakk Klokkarsteinen og ein stor bit av steinen datt ut i Heimsil!

* Tekst er fra Hemsedal kommune


  • Last Updated:
  • Source: Hemsedal.com

Opening hours

Man-fre: 09.00-16.00
See All
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad