Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Kolltveit

Kobbeltveit Golf & Naturpark

  • Kolltveitvegen, Fjell
  • +47 41541084
  •  /  km From You
Overview

Suset av ein driver gjennom skjergarden. Ballen som lyser kvitt mot den blå havranda, før den forsvinn bak ein naken bergrygg. Utslag i frisk sjøluft, putting på lyngheia. Golf i kupert kystlandskap er ei flott oppleving som du kan unna deg ofte. Avstanden frå Bergen er ikkje lenger enn at du kan vera advokat før lunsj og golfspelar etterpå. Velkomen til Kobbeltveit golf- og naturpark.

Spel golf i vakker skjergardsnatur

Sotra Golfklubb sin bane ligg på Kolltveit, berre få minutt frå Bergen sentrum. Hovudbanen ligg i eit vakkert kystlandskap med fjellknausar, lyngheier. og spegl-blanke vatn. Den spektakulære utsikta frå vandrestiar og utslagsplassar gjer golfturen til ei naturoppleving. Banen er kort, men har store, flotte greens. Han er svært godt drenert, og du kan gå tørrskodd sjølv etter ekstreme nedbørsmengder.

Slopa hovudbane med 9 hòl – krav til Golfkortet
Pitch & Put-bane med 9 hòl – utan krav til Golfkortet
Driving range – 20 utslag – 270 m – open heile året.
I klubbhuset er det to golfsimulatorar
Eigen golfinstruktør I sensongen

OPNINGSTIDER
Driving range open heile året.
Vi ønskjer gjestespelarar velkomen alle dagar.


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Fjell, Norway
The latitude and longitude
60° 21' 14" N / 5° 4' 57" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad