Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway


Kok og Bad

  • Knutholmen AS , Kalvåg
  • +47 57796900
  •  /  km From You
Overview

Midt i fiskeveret Kalvåg kan du no nyte ei herleg utsikt til hamna frå ein flytande sauna. Saunaen har eit unikt design, brukarkomfort og miljømessig materialval. Saunaen er perfekt heile året og kan bookast for par, vener eller grupper. Den har omkledningsrom, romsleg badeplatting med badestige.

Frå den flytande saunaen vår kan du nyte synet av sjarmerande rorbuer, små fiskebåtar og eit yrande fugleliv, kanskje du til og med ser havørna sveve majestetisk over vågen? Å ta eit bad i havet etterfulgt av den deilige varmen frå saunaen er ei velgjerande oppleving du bør unne deg om du er i Kalvåg, det kan fort bli eit minne for livet!

Dette treng du å ta med:
Handduk
Badekle
Drikke
Pose til våte klede etter besøket

Du kan leie handkle (59,-) / badekåpe (99,-) hos oss.

Vi har ikkje servering ombord, men du kan ta med deg det du sjølv ønsker å nyte under opphaldet, med ei begrensing på 2 alkoholeiningar per pers. Vi tillet ikkje knusande glas eller drikke med farge, som cola eller raudvin, då dette set merker i treverket om det blir sølt ut. Synleg berusa personar vil bli bortviste frå saunaen.

Du sjekker inn på saunaen ved å melde deg i resepsjonen på Knutholmen, her får du nødvendige instruksjoner til flåta. Saunaen har et romslig omkledningsrom med oppbevaringsplass til eigendelar og musikkanlegg med blåtann. Dusj og toalett finn du på land.

Hygiene og reinhald er viktig, og saunaen blir vaska og desinfisert mellom kvart opphald. Det er viktig at du både sjekker ut presist, slik at vi kan klargjere den til neste gjest.

Vi håper du får ei heilt unik oppleving, som blir eit minne du aldri gløymer! Om du deler bilete frå opphaldet i sosiale media, ikkje gløym å tagge oss @knutholmenas!

Saunaen bookes som ei eining med plass til max 10 personer.


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages