Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Kalvåg

Kok og Bad

Lite er meir helsebringande enn ei dampande varm badstove før eit friskt bad i havet. Frå den flytande saunaen vår kan du sjå rorbuder, fiskebåtar og eit yrande fugleliv. Booking av sauna for inntil 10. personer i 90.minutt kr 1990,-

Frå den flytande saunaen vår kan du sjå rorbuder, fiskebåtar og eit yrande fugleliv. Kanskje til og med havørna om ho svevar over vågen. Lite er meir helsebringande enn ei dampande varm badstove før eit friskt bad i havet. Ei velgjerande oppleving du bør unne deg om du er i Kalvåg. Ein kan fort kjenne litt livsglede av slikt.

Hugs at:

Du kan leige handkle og badekåpe av oss. Det er ikkje servering i badstova, men du kan ta med deg noko leskande sjølv om du ynskjer. Det fins eit par reglar knytt til alkoholkonsum og hygiene, som vi opplyser om ved booking.

Last updated: 01/27/2024

Source: Nordfjord

Kok og Bad

Sider du nylig har besøkt