Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Voss

Konferansepakke på Myrkdalen Hotel

  • Klypeteigane, Voss
  • +47 47471600
  •  /  km From You
Overview

Ynskjer bedrifta di å kombinere fagleg påfyll med naturbaserte opplevingar? Då er Myrkdalen Hotel på Voss ein perfekt stad for dykk.

Ynskjer bedrifta di å kombinere fagleg påfyll med naturbaserte opplevingar? Då er Myrkdalen Hotel på Voss ein perfekt stad for dykk. Hotellet har møterom og salar med fleksible og moderne løysingar like ved Vestlandet sitt største skisenter.

Pris

Pris frå kr 1695,- per person i enkeltrom, inkl. heilpensjon, full kurspakke og heiskort i skianlegget.

I dette inngår:
Heiskort – møterom – standard AV utstyr ink. prosjektor – lunsj – kaffipause med frukt - kaffipause med bakverk – middag – rom – frukost – fri internett – parkering.

Møterom med fleksible løysingar
Me kan tilby ein stor sal eller to mellomstore, og tre mindre møterom i fyrste etasje. I tillegg kan me leggja til rette for møte i ei av suitene våre.

Den største salen er 180 kvm og rommar 190 personar i kino- og 130 personar i klasserom-oppsett. Salen kan også delast inn i to mindre einingar som tek 60 / 90 personar i kino eller 44/ 76 i klasserom.

Me har tre ulike møterom til disposisjon. Her varierer oppsettet frå styrebord, u-bord, klasserom eller kino og høver for små eller mellomstore grupper opp til ca. 25 personar. Me er sjølvsagt fleksible og finn ei løysing som passar for ditt møte eller kurs.

Både salar og møterom har takmonterte prosjektørar og integrerte løysingar for lyd og lys. I tillegg inneheld dei teleslynge, og videokonferanseutstyr. Det er gratis trådlaust nettverk på heile hotellet.

Aktivitetar året rundt
Voss er kjend som eit eldorado for utandørsaktivitet. Difor er det på sin plass at konferansepakka vår har gratis heiskort inkludert om vinteren. Ynskjer de andre aktivitetar som til dømes teambuilding, rafting og klatrepark organiserer me sjølvsagt dette for dykk. Me kan også organisera guida vandreturar om hausten. 

På Myrkdalen Hotel ligg alt til rette for effektive møter – i pausen kan ein nyta naturen og henta inspirasjon til neste arbeidsøkt. Ta kontakt, så skreddarsyr me ein konferanse – akkurat slik du ynskjer det!

Kontakt:
Emelie Waag
Kurs- og Konferanseansvarleg 
Tel: +47 47 47 16 00
E-post: emelie.waag@myrkdalenhotel.no

 


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Price

Description Price*
1 døgn m/frokost Pr. pers. i enkeltrom m/ kurspakke og heiskort 1695,00 1 døgn m/help.
* Price from
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages