Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Sognefjorden Lærdal

Kongevegen og andre historiske vegar i Lærdal

  • +47 99231500
  •  /  km From You
Overview

Kongevegen over Filefjell frå 1793 gjekk gjennom Lærdal og er stor ingeniørkunst frå si samtid. Store deler av vegen har vore intakt gjennom over 200 år og dei siste åra har dessutan eit storstilt restaureringsarbeid gjort at dette er ein perfekt vandrarveg gjennom nydeleg og dramatisk terreng.

Spesielt er delen av Kongevegen som går frå Seltun til Borgund stavkyrkje ei perle. Her passerer ein mellom anna den historiske husmannsplassen Galdane, går gjennom den vakre Øygardsvegen, forbi nyrestaurerte Husum hotell i sveitserstil og den imponerande vegarkitekturen i Vindhellaskaret (biletet) før ein kjem ned ved Borgund stavkyrkje bygd kring 1180. Heile denne turen er vel 10 km lang og berre nokr hundre meter går på asfalt, ved Husum hotell.

Ein kan også gjera to rundturar i dette området; anten gå Seltun – Galdane – Sjurhaugen, så gå nedover att på asfaltvegen nokre hundre meter langs elva før ein tek seg opp mot Steineåsen/Seltåsen, der Kaptein Finnes veg frå 1845 går; denne er på nivå med Kongevegen sjølv når det kjem til vegarkitektur. Siste dryge kilometeren til Seltun går delvis på asfalt, delvis på grusa gang- og sykkelsti. Når det gjeld Vindhellavegen kan ein gå denne vegen til eller frå Borgund stavkyrkje og Sverrestigen frå slutten av 1100-talet andre vegen; her er Rimskjold like aust om Husum hotell det vestlege endepunktet.

Frå Borlaug til Maristova ligg også Kongevegen intakt det aller meste av distansen, og frå Maristova vidare til Kyrkjestølen på «toppen» av Filefjell heilt intakt – dette er ei flott vandring frå den trange dalbotnen til høgfjellet eller omvendt, og det er overnattingsmoglegheiter både på Borlaug, Maristova og Kyrkjestølen om ein vil dela opp distansen.

Les meir om Kongevegen over Filefjell på visitkongevegen.no


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad