Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Lærdal

Kongevegen over Filefjell

  • +47 57641208
  •  /  km From You
Overview
Details
Meeting Facilities

Kongevegen over Filefjell (Kyrkjestølen til Maristova)
Ta buss til Kyrkjestølen på Filefjell v/ E16 ca. 65 km frå Lærdal sentrum. Vegen var den fyrste køyreveg over Filefjell, bygd i 1790-åra av C.J. Hammer. Det er flott utsikt til fjella og høgste punkt cirka 1250 m.o.h. Turen tek omlag 4 - 5 timar ein veg, og ein kan ta bussen tilbake til sentrum frå Maristova. Kontroller bussrutene!


Kongevegen over Filefjell


Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå innlandsbygdene i Valdres via høgfjellet på Filefjell og ned til det tronge og dramatiske fjordlandskapet inst i Sognefjorden. Ei reise mellom landsdelane med den historiske Kongevegen som ein gjennomgåande raud tråd. God Vandring!


Artigt å veta


Alt frå førhistorisk tid har menneska ferdast over Filefjell, og i mellomalderen var vegen rekna som den mest nytta fjellovergangen mellom Aust- og Vestlandet. Fleire av sagakongane våre reiste over fjellet, om lag i same leia vi nyttar i dag.
Med Kongevegen over Filefjell frå 1790-åra vart den gamle ride- og kløvvegen erstatta av ein fire meter brei veg der ein kunne køyre med hest og kjerre. Den nye høgfjellsvegen mellom Vang og Lærdal utgjorde det mest spektakulære partiet av den Bergenske Kongeveg. I dag er vegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna i landet.
Kongevegane er ein del av den dansk-norske kulturarven vår. Omgrepet er brukt om dei viktigaste hovudvegane som vart bygde om til køyrevegar på 16- og 1700-talet. Med veglova av 1824 fekk desse vegane namnet hovudveg, som i praksis svarar til vår tids Europavegar.
Heilt frå mellomalderen hadde ruta over Filefjell rykte på seg for å vere blant dei vanskelegaste og farlegaste i landet. Det var stor trong for forbetringar, slik at tilhøva for transport av folk og varer vart lettare, ikkje minst for dei mange offentlege tenestemenn som stadig farta i embets medfør.
Kongevegen over Filefjell var eit storstilt samferdsletiltak i si samtid. Vegen er bygd etter dåtida sin ideologi for vegbygging – «det franske prinsipp» - med mest mogleg rett lineføring, god drenering og ei godt oppbygd vegbane. Slik starta ingeniørane sin tidsalder, som frå nå av skulle reformere den moderne vegbygginga.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Generelt

Rabatt
  • Fjord Pass

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Valutaveksling

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Jakt og fiske
Sykling
  • Sykkelutleie
Fisking
  • Fiskekort påkrevd

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Bussparkering
  • Parkering
Tjenester
  • Valutaveksling
Facility Info
  • Kopimaskin true
Click to activate
Lærdal, Norway
The latitude and longitude
61° 10' 51" N / 8° 7' 6" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad