Kongevegen over Filefjell
Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Norge
Frå innlandsbygdene i Valdres via høgfjellet på Filefjell og ned til Gamle Lærdalsøyri i Lærdal. Kongevegen var den første kjørevegen for hest og kjerre mellom Oslo og Bergen, bygd i 1793. Underlaget er variert, og består av grus, gras, sti og asfalt. Kongevegen over Filefjell har vunne dei prestisjefylte prisene Europa Nostra Grand Prix (2017) og Vakre Vegars Pris (2015).
Kongevegen Heile Vegen - 5 dagar
I denne minnerike femdagarsturen går du frå Austlandet til Vestlandet. Du startar i innlandsdalen Valdres, går over høgfjellet og ned til den dramatiske vestlandsdalen Lærdal. Nokre etappar er på sykkel, nokre til fots. Du ender på Gamle Lærdalsøyri ved Sognefjorden. Undervegs overnattar du i hotell og hytter. Vi frakter bagasjen din.
Varigheit: 5 dagar
Vanskeligheitsgrad: Middels
Fakta om turen
Lengde 100 km 13 delstrekningar, alle med eigen inngang og utgang, alle har parkering. Tidsbruk: 3-6 dager (heile vegen), frå 45 minuttar til 5 timar (delstrekningane) Tilgjengeleg: Heile året (i Lærdal) 15. mai-15. oktober (i Vang) 10. juni-10 oktober (på Filefjell).
Turen kan også gås på truger om vinteren. Toalett, rasteplasser og benker er plassert langs vandreruta. Passer for familier Vanskeligheitsgrad: middels
Overnattingsstader og spisestadar langs Kongevegen over Filefjell
Transport langs Kongevegen over Filefjell
- Kongevegbussen:
- Lokalbuss over Filefjell:
Historikk
Så lenge det har budd menneske i Norge, har hovudferdsla mellom Austlandet og Vestlandet gått over Filefjell og ned Lærdal. Dei fleste av sagakongene våre reiste over fjellet. I mellomalderen hadde strekninga rykte på seg for å vere mellom dei vanskelegaste og farligaste i landet. Det var stort behov for utbetringar, slik at forholda for transport av folk og varer vart lettere. Fra 1790-åra var den gamle ride- og kløvvegen erstatta av ein fire meter brei veg der folk for første gong kunne kjøre med hest og kjerre mellom Austlandet og Vestlandet. Vegen fekk namnet Kongevegen over Filefjell, ein av berre fire vegar som har dette namnet. Strekninga mellom Vang og Lærdal utgjorde det mest spektakulære partiet av den Bergenske Kongeveg. I dag er vegen mellom dei finaste veghistoriske kulturminna i Europa. Vandreturen på Kongevegen, med alle sine utallinge og mangearta kulturminne langs ruta, er på mange vis ei vandring gjennom norsk historie.
Turpakker
Turkart:
Aktivitetar langs Kongevegen
- Lett
- Middels
Kilde: Visit Sognefjord AS
Kongevegen over Filefjell