Tyinkrysset

Kongevegen vinternatt

  • Kongevegen vinternatt
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • +47 40065069

  • Filefjellvegen 500

    Vang, Innlandet

    Vis i kart

Opplev Kongevegen og fjellet under stjernene på ein guida trugetur. Vær- og føreforhold avgjer kvar turen tek veg.

Spelar vêret på lag vil du kunne oppleve vinterkledde fjell som badar i månelyset. Bli med Visit Kongevegen på tur

Uansett vil hodelyktene våre kunne avsløre revefantens krumspring eller dei spretne hoppa til fjellharen.

Etter å ha gått passe langt brer me ut reinfellene og fyrer opp eit lite bål dersom vêret tillet det.
Med noko varmt i koppen og noko enkelt å bite i er det berre å lene seg tilbake, ta inn stilla i fjellheimen og drøyme under stjernehimmelen.
Eller la fjellpraten gå rundt bålet.

Still spørsmål til guiden

Her har du høve til å stille alle spørsmåla du måtte lure på om friluftsliv. Om Filefjell. Om Kongevegen. Om villmarka. Guiden har lang erfaring med friluftsliv og har budd ute i to år!

Lengde:

2-3 timar. Opplevinga er tilgjengeleg torsdag-søndag.

Kilde: Visit Sognefjord AS